Ei spent og forventningsfull Kathe på Bygland 26. mars 2023. Foto: Geir Daasvatn

Stilfull opning av «Fotoblikket mitt» på Stoga

Det var forventningsfull stemning då «Fotoblikket mitt», bildeutstillinga til Kathe Merete Kjetså, opna på Stoga i Bygland søndag.

Kathe er kanskje mest kjend for mange som landskapsfotograf i nedre Setesdal. Ho har si eiga Facebookside, Sørfoto, der ho jamt og trutt legg ut nokre av dei nydelege bilda sine. Men utstillinga på Stoga er med andre typar motiv, meir detaljar og kunstfoto. Bilda er fargerike, spennande, litt originale og gode å sjå på, sett med mine augo. Men alt kjem jo ann på augo som ser. Så du må ta deg ein tur innom og gjere deg opp di eiga meining.

Første fotoutstilling på Stoga

Verten var i godlune! Foto: Geir Daasvatn

Verten sjølv, Olav Grendstad, ønska oss frammøtte høgtideleg velkomen. Han fortalde at utstillinga til Kathe var den aller første offisielle bildeutstillinga i Stoga si ikkje så veldig lange historie. Så dermed var det ekstra godt grunn til å feire! Det gjorde me alle, med både sprudlande brus og nydeleg, heimebakt kake.

Tok mot til seg

Kathe har vore ein ivrig hobbyfotograf i mange år. Ho forklarte at ho hadde tenkt på ei utstilling av nokre av bilda sine lenge.

– Eg tok endeleg mot til meg. Eg tok kontakt med Olav på Stoga om det kunne vere aktuelt med ei utstilling der. Det var han straks i fyr og flamme for, og innan kort tid var planane klare.

– Kvifor akkurat i Bygland, undra eg, du bur jo i Krossen i Evje og Hornnes?

– Eg har jobba i Bygland i 30 år. Eg har følgt med på kva som skjer i bygda, og eg er blitt glad i Bygland. Mange av bilda mine er også herfrå. Eg synest at dette Prestenes-området er ein heilt fantastisk stad, med den nydelege badestranda, Bjoren som legg til ved Brygga, museet og så mykje anna. Så å kunne ha den første utstillinga mi akkurat her, og kanske bidra til litt ekstra aktivitet, er bare heilt topp!

Lite planlegging, bilda dukkar opp undervegs

Det var spennande å høyre Kathe fortelle litt om korleis ho jobbar som fotograf, og kva slags motiv ho er ute etter. I starten brukte ho fotoapparatet mest bare for å dokumentere stadane ho hadde vore. Men etter kvart som ferdigheitane blei betre, begynte ho å kikke seg meir rundt etter gode motiv.

– Nå har eg alltid sekken med fotoutstyr med når eg dreg ut på tur. Men eg planlegg ikke mykje på førehand. Det er ikkje slik at eg har sett meg ut eit spesielt motiv, og så går eg bare etter det. Eg ser meg mykje rundt når eg er ute i naturen, og så dukkar det kanskje opp eit motiv som eg kan like eller som eg trur kan bli til eit bra bilde. Nokon gonger er eg veldig nøgd når eg kjem heim og får sett bilda på PC-skjermen. Andre gonger, og kanskje dei fleste, kjem eg heim igjen utan den store fangsten. Men mykje av gleda ligg i å vandre rundt aleine ute i skogen, kanskje legge meg ned ved ein vannpytt for å få eit nærbilde av ein frosk eller ein blome, og då gjer det ikkje så mykje å kome heim utan eit blinkskot.

Stykket held fram under biletet

Trappa inne i tårnet i Longerak kraftstasjon. Foto.
Inne i tårnet på Longerak kraftstasjon. Bildet er med i «Fotoblikket mitt» Foto: Kathe Merete Kjetså

Kikk etter ei jente på alle fire i strandkanten!

Om du er litt på farten gjennom Setesdal, har du kanskje sett Kathe med hovudet nede i ei steinrøys eller på alle fire nede ved Byglandsfjorden.

– Eg blir bare meir og meir nysgjerrig på kva eg kan finne med fotoapparatet. Ved sida av mykje bra trim når eg er ute på tur, er det også veldig godt for hovudet å vere ute i frisk luft og utan alle dei lydane som ellers er rundt oss i kvardagen.

Til 30. april

Opninga blei runda av med at Kathe i nært samarbeid med Stoga-vert Olav trekte ut ein heldig vinnar av eit bilde med eit vakkert Setesdalsbunad-motiv. Den heldige vinnaren var Elin Kvaale Hansen.

Fotoutstillinga er 21 bilde. Dei er til sals i heile utstillingsperioden, som går frå nå fram til 30. april. Unn deg ein tur innom Stoga for å studere bilda noko nærare. Eg tykkjer som sagt at dette er fin fotokunst. Dei to bilda inne frå Longerak kraftverk er kunstverk.

Eg ønsker Kathe lykke til med «Fotoblikket sitt»!

Del "Stilfull opning av «Fotoblikket mitt» på Stoga"