Svære dimensjonar over naturen i Røyrtveit naturreservat! Foto: Geir Daasvatn

Røyrtveit naturreservat – Evje

Røyrtveit naturreservat, også kalla «Den freda åsen» og «Urskogen», er eit 49 dekar stort freda barskogområde, ein urskog, mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune.

Fredingsvedtaket blei gjort så tidleg som 21. juli 1917. Det var det aller første naturområdet som vart freda i Agder, og eitt av dei første i Norge. Grunnen høyrde opphaveleg til Evje prestegard, men grunneigar i området i dag er Trygve Jokelid.

Urskogen er ikkje rørt sidan 1917

Det er trolsk stemning i Urskogen! Ein gamal trestubbe. Foto: Geir Daasvatn

Feltet ligg 520–550 m.o.h. Det er ein skogkledd ås med smale bakkemyrer rundt. Skogen har stått urørt minst sidan 1917, men truleg endå mykje lenger tilbake, og har fått skjøtte seg sølv. Eit tjukt lag av råhumus dekker difor skogbotnen. Området har eit tydeleg urskogpreg, med tre i alle aldrar. Det ligg ein del vindfall rundt omkring, og ikkje så få av trea er tørka ut. Gran er det dominerande treslaget. Nokre av grantrea i feltet må vere mellom dei største i heile kommunen – om ikke dei aller største. Både tverrmålet og høgda er av umåtelege dimensjonar. Det veks òg osp, bjørk og furu av store dimensjonar i skogen. Men furutrea har temmeleg flat krone (fjellfuru), og er ikkje uvanleg høge.

Røyrtveit-skogen er ein av dei få, om ikkje den einaste urskogen på Agder. Rundt feltet er det sett opp merkestolpar med skilt som syner at området er freda som naturreservat etter naturvernloven.

Stykket held fram under annonsen

Annonse

Korleis kome hit

Ta av frå Riksveg 9 ved Evje kyrkje og køyr mot Gautestad. Køyr forbi Flatebygd, og vidare nokre kilometer til du kjem til skilt som viser veg til Høgås skianlegg. Der kan du parkere bilen. Gå så vestover derfrå på Åsenvegen i nokre hundre meter. Nå har du Urskogen på høgre hand, og kan bare finne ein grei stad å vandre ut i skogen.

Kjelder

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Naturreservatet er merka med skilt som syner kor det ligg. Foto: Geir Daasvatn
Del "Røyrtveit naturreservat – Evje"