Mellom Grendi og Longerak i Bygland ligg Rakkenes. Det står fine murar igjen i Rakkenesbakken som blei bygd på Postvegen rundt 1842.
Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal.
Denne første vegen gjekk på oversida av dagens Riksveg 9, nærare hyttene som er på staden nå. Du kan såvidt skimte dei gamle murane inne i skogen det første du kjem til Rakkenes sørfrå.
Denne eldste vegen skal ha vore i bruk til 1963. Då kom ein ny veg, dels i same traséen og dels med eit litt anna løp. Framleis var han for ein stor del på oversida av Rv-9. Men me kan også sjå ei sløyfe nedanfor (på vestsida av) riksvegen, lenger nord på Rakkenes.
Til sist kom dagens veg, Rv- 9, som i 1978 hadde nemninga Riksveg 12.
Stykket held fram under biletet

Korleis finn du fram hit
Rakkenes ligg altså langs Rv-9, om lag to km nord for Grendi. Sør på Rakkenes går det ein liten veg frå riksvegen opp til hyttene. Han heiter Rakkenesbakken, og er merka med skilt. Mest med ei gang, toppen 50 meter, kjem du til to små buer der det er plass til å parkere bilen. Eller sette frå deg sykkelen, om du er så sprek at du er på langtur med den.
Rett oppforbi buene ligg ein ganske godt synleg trasé etter den eldste vegen. Går du sørover gjennom skogen, 50–100 meter, kjem du til kleiva med murane som du ser på biletet øvst i stykket her. Du ser dei gamle vegstykka innteikna med stipla line på kartet.
Hyttevegen nordover frå der du kan parkere bilen/sykkelen er også ein del av den gamle setesdalsvegen.
Kart over Rakkenes med dei ulike vegane innteikna
Kjelder
- Artiklane om Rakkenesbakken 1842 og 1963 på Kulturminnesøk.no