Gamlevegen på Moismoan 16. april 2024. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Moi

På Moi i Bygland kan me følge den gamle Postvegen i fleire kilometer gjennom skogen.

«Postvegen» blei han kalla, den første ordentlege køyrevegen i Setesdal. Han var køyrbar med hest og vogn fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. Vegane før dette var for gåande og kløvhestar, og hest med slede der det var mogeleg.

Forbi Moi kom vegen i 1842. Heilt sør på den lange Moisletta på Riksveg 9 tek den gamle traseen til. Han går til høgre, og ligg nærare Otra heile vegen oppover til Vrongevja ved grensa mot Tveit. Han er lett å finne, og grei å følge. Ei kraftlinje står i vegen som vegvisar.

Vidare nordover (vestover) frå Vrongevje til Tveit ligg det også igjen fleire stykke av den gamle vegen. Men då er han kome nærare opp mot Rv-9 igjen.

Postvegen forbi Moi var i bruk til 1919. Då kom den uendeleg lange Moisletta, der også Riksveg 9 ligg i dag.

Stykket held fram under biletet

Oppbygd vegbane på Moismoan 16. april 2024. Foto: Geir Daasvatn

Ein fin spasertur!

Vegen er mjuk og fin å gå på. Eg vil tru at sykkel også er greitt å kome fram med. Det er ikkje så frykteleg mange «attraksjonar» langs turen. Det er jo på ein måte midt i skogen, sjølv om det er hogge eindel i området dei seinare åra. Men å vandre stille på det mjuke underlaget, høyre fuglane kvitre i vårlufta og tenke litt på dei som hadde dette som hovudvegen sin i bortimot 80 år, er ei oppleving i seg sjølv og god trim!

Kart over området (kraftlinja på kartet følger om lag den gamle vegen)

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Fleire kulturminne

Vakre Hornnes kyrkje frå 1828
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Nautedalsåni bru – Riksveg 400
Haugenloftet – ein unik kulturskatt
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Skjoldmøypila på Hedde
Postvegen – Dåsneset ved Einang
I fotspora til setesdølane – Espelandskleiva
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland
Sordal nordre gravfelt med Haugeteddan

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.