Brygga ved Hesteberget på Frøyrak 18. mars 2017. Foto: Geir Daasvatn

Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale

Brygga på Hesteberget blei bygd som felles dampbåtbrygge for dei to gardane Frøyrak og Dale etter oppdemminga av Byglandsfjorden.

dampbåttrafikken på fjorden tok til i 1867 var brygga på Frøyrak i følge opplysningar på Kulturminnesok.no på Mørkenesodden, nokre hundre meter sør-aust for husa på Frøyrak. Etter oppdemminga av fjorden frå 1905 blei odden meir som ei øy når vasstanden var høg.

Dale hadde i følge kart brygga si rett på nordsida av Hagenes.

Veg mellom gardane og felles brygge

Det kom veg frå Senum til Horverak i 1884. Gardane vidare nordover langs vestsida av Byglandsfjorden var framleis veglause. Bøndene på Dale og Frøyrak ønska veg mellom dei to gardane. Det ønsket blei oppfylt i 1925. Om lag samstundes, trur eg, blei det bygd ei felles dampbåtbrygge på Hesteberget.

Selskapet som hadde stått bak drifta av dampbåtane Bjoren og Dølen heilt sidan oppstarten i 1867 blei lagt ned i 1930. Olav Frantson i Vassend kjøpte begge båtane i 1931, og heldt fram med ei privat drift av båtane. Dei veglause gardane på vestsida av fjorden var framleis avhengige av båtdrifta. Men ved joletider i 1957 blei også denne faste, private køyringa avvikla. Noko vedhenting m.v. skal ha skjedd iallfall til 1958. Men så var det slutt.

Me må vel då kunne rekne med at også fellesbrygga på Hesteberget var i bruk til 1957–1958.

Om dampbåttrafikken nå tok slutt, var Dale og Frøyrak heldigvis ikkje veglause lenger. Vegen var forlenga frå Horverak til Dale, med formell avlevering i 1959.

Stykket held fram under biletet

Utsyn sørover fjorden frå Hesteberget 11. april 2024. Foto.
Utsyn sørover fjorden frå Hesteberget 11. april 2024. Foto: Geir Daasvatn

Balsam for sjela

Byglandsfjorden og landskapet rundt er verkeleg ei naturperle! Det er plass til å parkere bilen i vegkanten rett oppforbi brygga på Hesteberget. Ein liten kaffipause her, medan du kikkar utover fjorden og naturen og bare let tankane flyge, kan vere balsam for sjela!

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal