Stigemo 22. oktober 2016. Foto: Geir Daasvatn

Stigemo, Skomedal

Stigemo var ein husmannsplass under Nordre Skomedal i Bygland.

Staden ligg på vestsida av Byglandsfjorden, 600–700 meter sør-vest for Storstraumen. Her var det to husmannsplassar under Nordre Skomedal.

Dei som rydda her, truleg rundt 1804, var Tellef Olavson Frøysnes og kona Gyro Osmundsdotter Huset. Tellef og Gyro har ei stor etterslekt. Stigemoætta har greiner utover store delar av landet og i Amerika.

Då slusa ved Storstraumen var ferdig i 1869, vart Knut Åsulvson Stigemo den første slusevaktaren. Etter han hadde alle husmennene på Stigemo denne offentlege stillinga.

Plassen blei fråflytta rundt 1931.

Kjelder

Fleire kulturminne

Lislestog – Bykle
I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø
Geiskelihytta – Bykle
I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland
Røysland gravfelt i Valle
Langerak kraftverk
Nordstog Dale-loftet
Buret på Kyrkjevodden
Tårnet – Longerak
Høybua på Skarsmo
Postvegen – Vrongevje

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.