Ruinar etter dammen frå 1917 på vestsida av Otra. Foto: Geir Daasvatn

Byglandsfjord gamle dam

Byglandsfjord gamle dam blei bygd i 1917, og avløyste den første dammen som regulerte Byglandsfjorden til kraftmagasin frå 1905.

Dammen låg ved Standarfossen i Otra, 200–300 meter ovanfor der Byglandsfjord dam er i dag. Han var ein betongdam, og erstatta nåledammen frå 1905.

dagens dam stod ferdig i 1973 blei dammen frå 1917 for ein stor del fjerna. Men me kan framleis sjå gamle ruinar og andre spor, på begge sider av elva, som syner kor dammen låg.

Vil du ta ein kikk på det som er igjen å sjå?

Du kan til dømes ta utgangspunkt frå Senumsvegen litt sør for Gullsmedmoen på Senum, på vestsida av Otra. Følg Damvegen austover til den vakre Damstuen. Derfrå er det bare nokre få meter bort til elvebreidda der du enkelt finn dei gamle ruinane.

Restane etter dammen på vestsida er sikra med gjerde, og trygt å gå ut på. Så kan du sjå Otra frå ein annan vinkel enn du kanskje er vand til! Foto: Geir Daasvatn

Eit alternativ, spesielt om du er på køyretur langs Riksveg 9, er å stanse på parkeringsplassen ved dagens damanlegg, på austsida av elva, og gå nokre få hundre meter nordover. Eg trur det skal vere greit å gå på utsida av fenderen langs riksvegen. Du svingar inn i fjellskjeringa etter Setesdalsbanen, merka med stipla linje på kartet nedanfor, og er straks ved spora etter gamledammen på denne sida av elva. Du kan sjølvsagt også gå over dagens Byglandsfjord dam, og dei få hundre meterane nordover på Damvegen til ruinane på vestsida.

Ha ein opplevingsrik tur!

Kart over området

Du vil kanskje sjå meir i området?

Restane etter det gamle damanlegget sett frå austsida av elva. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen