Steinskjermen under Byglandsfjord dam 4. februar 2024. Foto: Geir Daasvatn

Byglandsfjord dam – flotingsmur

Rett under Byglandsfjord dam, ovanfor Lille Holtøya i Moseid mark på vestsida av Otra, ligg ein svær flotingsmur frå tida då tømmeret blei flota gjennom dalen til Kristiansand.

Steinskjermen sett frå vest austover mot Otra. Foto: Geir Daasvatn

Ingeniør G. Sætren peika i ei utgreiing alt i 1875 på at elva hadde eit sidelaup til høgre før ho kom til den vesle Holtøya. Mykje tømmer søkte seg dit, og la seg på skjera lenger nede. Sidelaupet burde difor stengast med ein steindam (flotingsmur). Det ville også gje meir vatn i flotingsløpet.

Ingeniør Broch gjorde ei ny utgreiing i 1890. Lite av arbeidet som Sætren hadde tilrådd i 1875 var utført. Men eg kan ikkje finne opplysningar om at steinskjermen blei bygd då heller.

I 1906 blei det bygd steinskjermar ved Standarfossen og Syrtveitsfossen. Standarfossen var omtrent der den første Byglandsfjord dam blei bygd, litt ovanfor dammen i dag. Eg veit ikkje om nokon steinskjerm i det området. Kan denne steinskjermen som blei bygd ved Standardfossen vere den eg skriv om her? Litt nedanfor muren heiter området inne på land Standarmoen, så heilt utenkeleg er det vel ikkje.

Låge skjermar

Steinskjermen her og andre stader mellom Byglandsfjorden og Kilefjorden er alle temmeleg låge. Elva er breiare på dette strekket enn lenger nede. Ved flom (før dei store vassdragsreguleringane) steig vasstanden difor mindre her enn i det nedre og trongare løpet. Då kunne steinskjermane også byggjast lågare.

I dag står mange av desse gamle flotingsmurane framleis langs Otra, og minnar oss om den store verksemda tømmerflotinga på elva ein gong var.

Kjelder

Du vil kanske også sjå

Fleire kulturminne

Trydalstoga – Kristiansand museum
Gjetarhytta på Bjåen
Austad gamle kyrkjegard
Evjemoen som kulturminne
Skore i Bygland
Postvegen – Flateland bru
Postvegen – Brennevinskleiva
Smia på Koland
Skollhaugan gravfelt – Skreros
Nordigard Hoftuft-loftet
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal
Birkelandsfossen – flotingsmur