Fallos på kyrkjegarden i Bygland. Foto: Geir Daasvatn

Fallossteinane på Bygland kyrkjegard

Nær kyrkjegardsmuren, på nord-vestsida av kyrkja, står det to «fallossteinar».

Ein av steinane, steinen på biletet her, er intakt. Han er ca. 50 cm høg.

Ein meter mot nord står ein annan fallos, men utan hovud. Her er det ein inskripsjon, med eit namn som ikkje går å tyde og årstalet 1798.

Det er ikkje sagt noko om alderen på steinane på Kulturminnesok.no, anna enn at dei er frå førreformatisk tid (før år 1537). Dei er såleis automatisk verna som kulturminne.

Frøy og tilbeding av vanane

I ein mykje interessant artikkel i Egde nr. 1/2023, Guder og makter på Agder før kristendommen, skriv arkeologen Morten Olsen om to grupper med guder i den norrøne mytologien; æser og vanar. Hovudgudane var Odin for æsane og Frøy for vanane.

Vanane var fruktbarheitsgudar. I jordbrukssamfunn var det viktig å halde seg inne med gudane som sørga for grøde, fruktbarheit og beskytta mot uår og frost – som naturkreftene i jotnene si verd trua dei med, skriv Olsen.

På Agder var Frøy hovudguden. Mange stadnamn rundtomkring tyder på det. Vanse på Lista – «vananes heilagdom» – er ein særs sterk indikasjon. Av eksempel frå Setesdal nemner Olsen dei to Frøy-gardane ved dei to store fjordane; Frøysnes ved Åraksfjorden og Frøyrak ved Byglandsfjorden.

I avbildingar av Frøy er han gjerne utstyrt med eit svært lem. Det er eit fruktbarheitssymbol han deler med ein annan guddom hos vanane, Njord, som var far til Frøy og Frøya.

Morten Olsen nemner dei to fallossteinane ved Bygland kyrkje, saman med fleire andre, og meiner dei er eksempel på den dominerande rolla Frøy og vanetilbedinga hadde på Agder før kristninga.

Steinane er omtalt i kulturminneplanen til Bygland, som forhistoriske minne. Der er også nemnt fallossteinar ved Sandnes kyrkje i Åraksbø. Kulturhistorikar, arkeolog og skribent Frans-Arne H. Stylegard har skrive ein liten artikkel om dei heilage kvite steinane – fallossteinane – på bloggen sin. Han omtalar dei som jernalderfunn.

Spennande kulturminne er dei, uansett alder!

Sjå også

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean