Flotingsmuren ved Mylla, på vestsida av fossen. Foto: Geir Daasvatn

Fennefossen – flotingsmurar

På kvar side av den nye dammen til Fennefoss kraftverk i Fennefossen i Evje og Hornnes står det att flotingsmurar etter flotinga på Otra i eldre tider.

Fennefossen var brei. Dei største vanskane for flotinga skal ha ligge i det høgre laupet, som var ureint og med lite vatn. Ved å gjere laupet smalare, kunne ein få vatnet til å nå høgare. Det er difor bygd ein ganske kort mur på vestsida og oversida av Fennefossen, ved Mylla. Muren blei «spart» då Fennefoss kraftverk blei bygd med ein svær dam over elva.

Flotingsmuren på nedsida av fossen. Foto: Geir Daasvatn

På austsida, i Fossvik men under fossen, står ein noko lengre steinskråskjerm. Han er truleg bygd i 1902 eller rundt den tida, etter opplysningar i boka til Andreas Vevstad om Fosskarane og Åna. Den muren er nok bygd for å hindre tømmeret i å reke inn på land og sette seg fast i bukta her. Etter utbygginga av kraftverket i fossen er han blitt liggande langs utlaupet frå kraftverket.

Steinskjermane i Fennefossen og andre stader mellom Byglandsfjorden og Kilefjorden er alle temmeleg låge. Elva er breiare på dette strekket enn lenger nede. Ved flom (før dei store vassdragsreguleringane) steig vasstanden difor mindre her enn i det nedre og trongare løpet. Då kunne steinskjermane også byggjast lågare.

I dag står desse gamle flotingsmurane framleis på staden, og minnar oss om den store verksemda tømmerflotinga på elva ein gong var.

Stykket held fram under biletet

Flotingsmuren på austsida av elva, langs utsleppskanalen til det nye kraftverket. Foto
Flotingsmuren på austsida av fossen, langs utsleppskanalen til det nye kraftverket. Foto: Geir Daasvatn

Du vil kanske også sjå

Flotingsmuren på vestsida av Fennefossen står ikkje lenger i det rette elementet sitt. Men når morgonen er som her, kan han framleis vere vakker på sitt vis. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Båsbrokka i Bykle
Postvegen – Hoslemo
Frøyrak gamle brygge
Det første kraftverket på Hovden
Postvegen – Bakken
Postvegen – Heddessteinen
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Postvegen – Moen gamle bru
Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen