Vegbrakka ved Geiskeli 23. mai 2020. Foto: Geir Daasvatn

Vegbrakka – Geiskeli

Den gamle vegbrakka som står ved innkøyringa til Geiskeli blei brukt under vegarbeidet i Bykle på 1920-talet.

Opphaveleg var bua sett opp av dei to skogspekulantane Berke og Foss, for dei store tømmerdriftene i Berdalsskogane. Då stod bua lenger sør, ved Berdalsbru.

Helleik Sigbjørnsson Glidbjørg (f. 1876, d. 1974) skal ha flytta frå garden og ned til denne brakka ved (den dåverande) riksvegen, då sonen Salmund Gjeiskelid og kona Anne overtok gardsdrifta rundt 1959. Salmund og brørne hans var alle motstandsmenn under 2. verdskrigen.

Bua er i dag nokså autentisk, heiter det i Kulturminneplanen for Bykle.

Kart over området

Kjelder

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør