Åseral kyrkje 30. november 2022. Foto: Geir Daasvatn

Åseral kyrkje

Åseral kyrkje er ei krosskyrkje med tre galleri og 300 sitteplassar frå 1822 i Åseral kyrkjebygd.

Kyrkja vart bygd av Olav O. Åsland og Olav Bakken. Ho er bygd i laft og panelt utvendig. Truleg var det også Åsland og Bakken som laga altertavla og døypefonten. Over inngangsdøra står det «Til Guds Ære og Folkets Gavn er denne Kirke oppført i 1822».

Tidlegare kyrkjer

Åseral kyrkje er første gong omtalt i pavelege skriv frå 1282. Truleg var den første kyrkja ei stolpekyrkje; ei stavkyrkje men med jordgravde stolpar.

Mykje tyder på at det seint på 1600-talet vart reist ei heilt ny kyrkje, som då kan ha erstatta den gamle stavkyrkja i bygda. Denne nye kyrkja stod kanskje først ferdig nokre år seinare, eller blei restaurert, i 1705, då vindfløya i tårnet vart smidd av Knut Gunnulvsson Mørk.

Kyrkja frå rundt 1680-talet var ei laftebygd trekyrkje som vart riven i 1822, då noverande kyrkje blei bygd. Våpenhuset i noverande kyrkje er bygd av stokkar frå denne kyrkja. Tre stokkar, to frå våpenhuset og ein frå tårnet, ser ut til å vere attbrukte frå ein eldre bygning. Dei skriv seg truleg frå tre som vart felte på slutten av 1500-talet. Dei kan vere frå eit endå eldre våpenhus, til dømes, men dette er uvisst, skriv Frans-Arne Hedlund Stylegar i den innhaldsrike jubileumsboka til 200-årsjubileet for Åseral kyrkje i 2022. Boka er smykka med særs vakre foto teke av Tor Reidar Austrud.

Kjelder

Sjå også

Julekonsert i kyrkja 10. desember 2017. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen
Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset