Byklestøylane 27. desember 2018. Foto: Geir Daasvatn

Byklestøylane

Byklestøylane ligg om lag fire kilometer nord for Bykle kyrkjebygd, langs Riksveg 9 på vestsida av Otra, på veg mot Hovden.

Her hadde gardane Byklum og Gjerden bortestøylane sine i tidlegare tider.

Nå held Byklestøylane Camping til her. I Bykle kultursoge heiter det at Åsmund Jåro tok til å bygge småhytter her i 1950-åra. Før det, i 1938–1939, hadde han sett opp ei større turisthytte. Eigar av campingplassen sidan 1960 er Olav G. Gjerden (f. 1933).

Stykket held fram under biletet

Ein nydeleg sommardag i Bykle, 29. juni 2021. Foto: Geir Daasvatn

Det er store jorde på staden som framleis blir slått. Her står også mange gamle støylsbuer og andre slags hus. I tillegg er det nokre nyare hytter. Det er eit vakkert kulturlandskap, som altså framleis vert halden i hevd.

Like nord for Byklestøylane er Brurehylen i Otra. Etter tradisjonen skal eit heilt brurefølge frå Glidbjørg ha drukna der, på veg til bryllaup i kyrkja i Dvolo.

Facebooksida til Byklestøylane Camping

Byklestøylane på Norgeskart.no

Kjelder

I nærleiken

Meir om Setesdal

Eit nydeleg restaurert kvernhus. Det skal høyre til gardsbruket Kultran nede i Kyrkjebygda. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean