Trøskjeskjolet på Åmland 13. november 2021. Foto: Geir Daasvatn

Trøskjeskjolet – Åmland

Trøskjeskjolet ligg på Åmland i Åseral.

Det er eit karakteristisk, åttekanta bygg med stor verd. Frå gamalt av var det eit stort hjul i midten av bygget som sveiv på ein loddrett aksel. Hest vart brukt til å dreie hjulet rundt for å treske kornet.

Kulturlandskapet på Åmland

– Åmland har eit godt skjøtta kulturlandskap, heiter det i kulturminneplanen til Åseral kommune.

Her er steingardar og andre typiske element. Innmarka blir beita, og kulturlandskapet er prioritert i regionalt miljøprogram. Garden har eit eldre bygningsmiljø med fleire bygningar som er registrerte i SEFRAK. Særleg det åttekanta trøskjeskjolet som er omtalt ovanfor har stor verd.

Korleis kan du sjå det

Garden Åmland ligg langs fylkesvegen mellom Sveindal og Kyrkebygd. Du kjem til garden rett etter at du har passert avkøyringa til Kittelstad på veg nordover, og noko før du er på Kylland. Trøskjeskjolet står på det siste bruket du kjem forbi, Dalevegen 1211 (sjå kart), rett ved vegen. Det er privat grunn, så du må vise omsyn om du vil sjå nærare på det. Du kan også sjå skjolet frå vegkanten.

Kart over Åmland

Rett i nærleiken

  • Bjønnespranget

Kjelder

Fleire kulturminne

Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål
Evjemoen som kulturminne
Ekron – Nordre Haugetveit
Flåt nikkelgruve
Fennefossen – flotingsmurar
Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Evje kyrkje
Sosteli – Åseral
Riksveg 400 – Lauvdalsodden
Loftet på Nomeland Der oppe
Ekra gravfelt – Eikjåknodden

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.