Kleiva frå Riksveg 9 oppover mot Hestevelt 31. august 2024. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Hestevelt til Kroni

Vegen forbi Hestevelt og Kroni var ein del av den første køyrevegen Valle–Bykle kyrkje, og kom rundt 1879.

Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegmine langs riksveg 9 (s. 164).

Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 nådde vegen endeleg fram til Bykle kyrkje.

Ferdig 1879

Samstundes, eller kanskje helst litt før, var han bygd ferdig forbi Hestevelt og Kroni ned til Moen. Vegen kom då fra Trydal, gjekk forbi Hestevelt, over der Riksveg 9 går i dag (nord for busshaldeplassen) og ned til Kroni. Frå Kroni ned til Moen går han i ein slak bakke på sørsida av Motjønni. Det strekket har eg skrive litt om i eit anna stykke.

Vegen var i bruk til ca. 1940.

Gamlevegen er lett å finne. Rett nord for busshaldeplassen på Riksveg 9 kan du sjå han gå opp kleiva til Hestevelt. Han held fram på nedsida av riksvegen til Kroni. Også her er han rimeleg grei å sjå.

Kart over området (stipla linje er gamlevegen)

Kjelder

      • Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 179 og kart nr. 27 bak i boka

    Lenker

    Fleire stykke om Postvegen/første køyrevegen i Bykle

    Biletgalleri (klikk for større bilete)

    Fleire kulturminne

    I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva
    Kjetsåbrua – Hornnes
    Birkåsen – Hornnes
    Lunnenburet – Hornnes
    Gravrøysa på Nånesodden
    Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
    Heddisloptet
    Heddessteinen
    Riksveg 400 – Lauvdalsodden
    Valle kyrkje
    I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø
    Årdal kyrkje

    Ditt personvern er viktig for oss

    Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.