Den gamle brygga 15. januar 2025. Foto: Geir Daasvatn

Årdal gamle brygge

Ved oppstarten av dampbåttrafikken på Byglandsfjorden i 1867, låg brygga i Grendi noko lenger ute i fjorden enn ho gjer i dag.

Denne første Årdal-brygga – som ligg kanskje 50–100 meter rett vest for spissen av Odden – må vel vere bygd i 1867. Ho blei brukt av damprutebåtane Dølen og (frå 1897) Bjoren. Båtane gjekk i rutetrafikk på Byglandsfjorden.

Kart over området – sjå Kyrkjeodden

I 1905 stod den første reguleringsdammen i sørenden av Byglandsfjorden ferdig. Vasstanden i fjorden kunne hevast med inntil to meter (frå kote 200 til kote 202). Truleg kom brygga då heilt eller delvis under vatn.

Stykket held fram under biletet

Odden 2. desember 2024. Den gamle brygga ligg bak dei låge berga til venstre i biletet. Den nyare brygga ligg meir på nordsida av Odden, til høgre for (bak) husa. Foto: Geir Daasvatn

Det måtte lagast ny brygge. Ho kom på nordsida av Odden, nærare Årdal kyrkje.

I midten av januar 2025 var det veldig låg vasstand i Byglandsfjorden. Då kunne eg gå tørrskodd frå Odden ut til brygga. Eg har ikkje kome på at det kunne vere ei brygge der ute før nå. Brygga er noko utrasa i dag. Men det er tydelege restar etter treverk og tømmerstokkar mellom steinane. Ho må ha vore ei steinfylt tømmerkiste.

Torgeir Moseid si Bjoren-bok

Eg har ikke på sparket funne skriftlege kjelder som direkte omtalar denne første Årdal-brygga. Men Torgeir Moseid på Byglandsfjord har skrive ei fin bok om dampbåttrafikken på fjorden, Frå kveg til cruise. DB Bjoren 150 år (Setesdalsmuseet, 2017). Ønsker du å vite meir om dette spennande kapittelet i samferdslehistoria i Setesdal, er den boka ein ypparleg start!

Den gamle brygga 15. januar 2025. Foto.
Den gamle brygga 15. januar 2025. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Slengen – Rygnestad
Skore i Bygland
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Listeinsfjellet på Evjemoen
Loftet på Nomeland Der oppe
I fotspora til setesdølane: Berge i Øvrebø
Systog Dale-loftet
Postvegen – Hoslemo
Flatelandsmoen – Gjøvdal
Hanehaug – Bygland
Riksveg 400 – Lauvdalsodden
Bakken – Bjørgum

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.