Stogetufta på Rindane 5. november 2025. Nedanfor ser me gardane på Abusland. Heilt til høgre ligg den gamle skulen. Foto: Geir Daasvatn

Rindane på Abusland

Rindane (Rinnan) er ein tidlegare husmannsplass på Abusland i Hornnes.

Plassen kom i bruk tidleg på 1800-talet. Truleg høyrde grunnen den gong til gardsbruket Korgalunnen. Den første ein sikkert veit budde på Rindane var Notto Svenkeson Abusland (f. ca. 1776).

Seinare blei plassen fleire gonger skild ut som eigen eigedom og slege saman med andre eigedomar igjen.  Endre Olson Abusland (f. 1822) eigde plassen ei tid. Han døydde i skogen nær husa på Rindane. Det blei reist ein stein der dei fann han som seinare er kalla «Endres-steinen».

Tufta etter stogehuset er framleis godt synleg i bakken sør for Abuslandsbekken. Det er også opplødde haldestein like ved etter eit uthus som stod på staden. Alf Georg Kjetså omtalar plassen i boka si Hornnes ni meimbygd. «Hornnes herad» som kom ut i 2017 (s. 120). Der er det også bilete av plassen med både stogehuset og uthuset intakte.

I dag (2025) høyrer grunnen til gardsbruket Sannarberget, eigd av Beate og Gaute Lien.

Kjelder

Haldesteinar like nedanfor stogetufta på Rindane. Foto.
Haldesteinar like nedanfor stogetufta på Rindane. Dei er etter uthuset. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Gamle Fånekleiva – Bygland
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland
Haslebakken – Ose
Postvegen – Moen gamle bru
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland
Husmannsplassen Hagen
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Hauganloftet
Bjønnespranget – Åseral
I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby
Hoslemo gamle bru
Fennefossen – flotingsmurar

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.