Sosteli 26. juni 2021. Foto: Geir Daasvatn

Sosteli – Åseral

Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå eldre jernalder som ligg om lag 400 moh., to km vest for Kyrkjebygd sentrum i Åseral.

Her finn vi tuftene etter busetnader frå kring Kristi fødsel framover mot 1000-talet. Det er eitt av Nordens best bevarte slike anlegg, og kanske det mest spennande og verdifulle kulturminnet i Åseral i dag.

Gardsanlegget består av fleire hustufter (den største rundt 45 m lang), åkre, gjerdesystem og gravminne. Det blei arkeologisk undersøkt av Anders Hagen i 1947–1949, og er framleis ein nøkkellokalitet innanfor nordisk busetnadsarkeologisk forskning.

Det har ikkje budd folk på Sosteli sidan garden blei fråflytta for om lag 1000 år sidan. Difor er garden mykje teken vare på slik han var. Det gir ei heilt spesiell kjensle å vandre stille rundt mellom hustuftene, kanskje bare med ei sauebjølle som «bakgrunnsmusikk», og tenke på at her var det eit yrande folkeliv for meir enn 1000 år sidan.

Korleis kjem du dit

Køyr Fylkesveg 455 (Dalevegen) til Kyrkjebygd. Følg Gardsvegen vestover forbi Åseral kyrkje over elva Monn. Straks over brua tek du til høgre (nordover). Etter eit par hundre meter kjem du til Sostelivegen. Følg vegen som går bratt oppover i dalsida. Skilt syner vegen fram til Sosteli. Der er det merka parkeringsplass.

Kart

Kjelder

Sjå også

Fleire kulturminne

Postvegen – Båsbrokka i Bykle
Postvegen – Einang
Galtelandskanalen, eit minne frå krigen
Tyskarminnevegen – Moisund
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø
Trøskjeskjolet – Åmland
Byglandsfjord gamle dam
I fotspora til setesdølane: Berge i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Moen
Gamle setesdalsvegen – Svåa
I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.