Gamlevegen ved Odden 19. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn

Riksveg 400 – Odden, Lauvdal

Ved Odden sør på Lauvdal gjekk den gamle Riksveg 400 i ei sløyfe rundt fjellknausen på staden, nærare fjorden enn Riksveg 9 som går rett fram.

Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend opp Fånekleiva og fram til Lauvdal høgare oppe i lia.

Rett sør for der du i dag svingar inn på gamlevegen gjennom Lauvdal når du kjem køyrande nordover, går Riksveg 9 gjennom ei svær fjellskjering. På Norgeskart.no er staden kalla Odden. På oversida av riksvegen heiter det Slettebrekk. Rett sør for fjellskjeringa kan du sjå den gamle Riksveg 400 på nedsida av riksvegen, ut mot fjorden. Sløyfa rundt fjellknausen blei bygd i 1923, og var i bruk på den gamle Setesdalsvegen til 1962.

Oppe på fjellknausen, altså mellom gamlevegen og Riksveg 9, ligg ei svær eldgamal gravrøys.

Det er mange gamle vegminne på Lauvdal. På Lauvdalsodden litt lenger nord kan du sjå både den gamle traseen til Riksveg 400 og den endå eldre Postvegen. Litt sør for gamlevegen ved Odden som eg skriv om her, ligg Nautedalsåni bru. Og er du først på Lauvdal, med tid til å kikke deg litt rundt, må du absolutt svinge inn på gamlevegen og unne deg ein liten stans ved husmannsplassen Hagen.

Området på Norgeskart.no

Kjelder

  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 106
Me ser gamlevegen med Riksveg 9 nokre meter høgare i terrenget. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven