Gamle Setesdalsvegen med dagens Riksveg 9 til høgre. Foto: Geir Daasvatn

Riksveg 400 – Lauvdalsodden

I skogen ved Lauvdalsodden i Bygland, rett på nedsida av Riksveg 9, ligg framleis att ei sløyfe av den gamle Riksveg 400.

Lauvdalsodden er der Rv-9 gjer den lange høgresvingen mot Bygland, om lag ein kilometer nord for Lauvdal. Her er det mange spor etter tidlegare vegbyggingar.

Den første køyrevegen her, den såkalla Postvegen, blei bygd rundt 1842. Han gjekk på oversida av dagens Rv-9. Denne «kjerrevegen» var i bruk til 1926.

I 1926 blei vegen over Lauvdalsodden lagt om. Det kom ein ny trasé nærare fjorden. Det er den vegen eg omtaler i stykket her. Eg kallar han Riksveg 400. Men frå 1965 var det Riksveg 12.

I 1983 blei vegen på Lauvdal lagt om på nytt. Forbi sjølve Lauvdal vart han flytta heilt ned til fjorden, slik at han i dag følger strandlina. Ved Lauvdalsodden kom det ei stor fjellskjering og ein ny trasé midt mellom dei to gamle vegane frå 1842 og 1926.

Her finn du vegen

Det gamle vegstykket tek til ved ei bu på venstre side av riksvegen, rett før den lange høgresvingen på Rv-9. Her kan du spasere rundt kanskje 300 meter nordover, medan du høyrer bilane suse gjennom Lauvdalssvingen på dagens Rv-9. Nokre stader er vegen bygd mykje opp i terrenget. Andre stader er det mindre skjeringar i fjellet. Det er ikkje så lenge sidan vegen kom ut av bruk (1983). Framleis trør du på den gamle asfalten under lauv og mose.

Stykket held fram under biletet

Me ser tydeleg oppbygginga av vegen i terrenget. Foto
Me ser tydeleg oppbygginga av vegen i terrenget. Foto: Geir Daasvatn

Kart over området

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Trydalstoga – Kristiansand museum
Gjetarhytta på Bjåen
Byglandsfjord dam – flotingsmur
Austad gamle kyrkjegard
Evjemoen som kulturminne
Skore i Bygland
Postvegen – Flateland bru
Postvegen – Brennevinskleiva
Smia på Koland
Skollhaugan gravfelt – Skreros
Nordigard Hoftuft-loftet
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal