Restar etter kraftanlegget nede ved Otra 30. september 2017. Foto: Geir Daasvatn

Det første kraftverket på Hovden

Det kom kraftverk på Hovden alt i 1937, då det første Hovden Høyfjellshotell blei bygd.

«Då Hovden Høyfjellshotell opna sommaren 1937, så var det eit luksushotell av dei sjeldne», skriv historikar Johnny Haugen i ein stor artikkel om hotellet i Setesdal og setesdølar, årsskriftet for Setesdal Sogelag (2015, s. 70–80).

Det var ikkje offentleg straum i Bykle på denne tida, det kom først i 1955. Men eit slikt luksushotell i «ødemarken» måtte sjølvsagt ha innlagd straum, held Johnny Haugen fram.

Løysinga var eit eige kraftverk for hotellet. Det blei bygd ved breidda av Otra, vest for hotellet.

Eg har ikkje studert noko nærare kva slags kraftverk dette var, eller korleis det fungerte. Men me kan framleis sjå restar av anlegget i elvekanten.

Om du tek deg ein tur langs den idylliske Vikingvegen på Hovden kjem du etter kvart til skilt nr. 15. Det står rett oppforbi restane av kraftverket og fortel litt om historia. Det er spennande å sjå det gamle utstyret, og fundere litt på korleis det heile eigentleg verka.

Klikk på bileta for å endre storleik

Fleire kulturminne

«Gamlebrua» på Sandnes i Bygland
Skomedal skulehus – Bygland
Nesodden gravrøys
I fotspora til setesdølane – Saldalskleiva på Aukland
Nomelandshaugen
Krigsminnesmerket ved Korpenuten
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Postvegen i Hornnes
Frøyrak gamle brygge
Moi gravfelt
Bykle gamle bru
Longerak brygge

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.