Tufta etter stogehuset (foran) og ruinen av uthuset (bak) i Feddufs 5. september 2026. Foto: Geir Daasvatn

Feddufs – ein husmannsplass i Valle

Feddufs var ein husmannsplass under Flateland i Valle på andre halvdel av 1800-talet.

Plassen låg kring 150 meter nord/nord-aust for Lii. Lii køyrer me forbi på veg oppover dei lange bakkane på Fylkesveg 450 frå Rotemo. I 1911 blei plassen dela frå Åsen (bnr. 18) og blei sjølvstendig eigedom (bnr. 29) på Flateland. No er Feddufs gøymd inne i skogen like på oversida av fylkesvegen. Men på 1800-talet låg husmannsplassen høgt og fritt oppe i den bratte lia og det var vidt utsyn utover dalen.

Husmannsplassen

Jorda på plassen er bratte og hallar mot vest. Nedst og der det er brattast, mot sør, er det lagt opp bakkemurar som flatar terrenget litt ut. Nedst og mot nord er det ikkje like bratt og der er det steingjerde og rydningsrøyser. Det må ha vore mykje stein å rydde unna for å få til brukeleg med jord å leve av. I tillegg til dei store steinsamlingane nedst ligg det fleire rydningsrøyser spreidd rundt om inne i jorda. Høgt oppe på plassen ligg tuftene etter husa. Bak der igjen stig terrenget veldig bratt opp.

Eit nedrasa uthus står igjen på staden. Rundt ti meter sør for uthuset står murane etter stogehuset. Det har vore ei temmeleg lita, firkanta stoge med kjellar. Om lag tre meter nord for uthuset er det endå ei forseggjort, oppmura tuft. Kva slags bygning som har stått der veit eg ikkje.

Husmannsfolka

Dei fyrste som er nemnde på plassen i kjeldene er Olav Olsson Rygnestad (f. 1812. d. e. 1871) og Åse Åsmundsdotter Dale (f. 1816, d. e. 1871). Dei gifta seg i 1840. Den huslyden skal ha vore på Feddufs rundt 1849–1859. Olav Olsson var frå Nordigard Rygnestad. Det er garden der bygningane seinare er blitt museumstun. Men Olav var ikkje eldste sonen. Hans lagnad var difor å bli husmann. Eitt av borna til han og Åse var Torleif Homme (f. 1852), den seinare så kjende gruvlaren, religionsgranskaren, presten, læraren og norskdomsmannen.

Olav og Åse flytta rundt 1859 noko sørover i Valle til ein ny husmannsplass, Brónen, under Hommelunden i Homme. Sonen Torleif Homme fortel at foreldra og alle syskena tok ut til Amerika i 1871.

Feddufs i 1865

I 1865 var Ulv Folkesson Løyland (f. 1807, d. e. 1865) og kona Ingebjørg Persdotter Ljosådalen (f. 1813, d. e. 1865) i Feddufs med dei fire yngste døtre sine. Dei kom frå Systog Løyland (bnr. 2), men Ulv hadde lånt mykje pengar og måtte selje garden sin. Etter 1865 veit ein ikkje meir om den familien, skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Valle (bind VI, 1987, s. 103.

Feddufs etter 1875

Ti år seinare var ein ny huslyd komen inn i Feddufs. Med noko atterhald var det truleg Olav Torleivsson Skarberg (f. 1829, d. 1885) og kona Ragnhild Ulvsdotter Brokka (f. 1825, d. 1892). I 1875 fødde dei ei kyr, sju sauer og to geiter på den vesle husmannsplassen.

Ulv Olsson Flateland (f. 1865, d. 1910), sonen til Olav og Ragnhild, overtok plassen etter foreldra. I 1892 blei han gift med Ingebjørg Sigurdsdotter Rygnestad (f. 1863, d. Kristiansand). Ulv døydde av tæring. Ingebjørg blei óg sjuk og døydde i Kristiansand. Fleire av borna deiras døydde også tidleg.

Denne huslyden var dei siste folka ein kjenner til på staden. Eit lite unnatak var Anne Torsdotter Rygnestad (f. 1843, d. 1919) som skal ha budd i Feddufs det siste.

Det er fortalt noko meir om desse folka og familiane i gards- og ættesoga for Valle. Eg tek ikkje oppatt alle detaljane her. Det er bratt i Feddufs og mykje stein måtte dei rydde vekk for å få til litt eng og truleg ein liten kornåker. Eg kan ikkje skjøne anna enn at familiane som budde her hadde eit veldig strevsamt liv. Kanskje var dei seine laurdagskveldane om sommaren små ljospunkt, når dei kunne nyte solnedgangen i vest og skue utover det mektige landskapet nedover mot Flateland og Rygnestad og over mot Løyland på andre sida av Otra? Eg håpar det!

Kjelder

  • Valle gards- og ættesoge, bind V og VI, utgjeve av Valle kommune, 1987
  • Olav Arne Kleveland, Torleif Homme. Med hjartespråket som leiestjerne, utgjeve av Valle Sogelag, 2005

Fleire kulturminne

Haugenloftet – ein unik kulturskatt
Langerak kraftverk
Mjølkerampa på Torsland
Postvegen – Ose nord
Dalevegen – Lauvåsheia
Dammen i Nordåna – Grendi
Skomedal skulehus – Bygland
Valle kyrkje
Dalemannsteinen – Fennefoss
Postvegen – Fosslid
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal
Træletveit gravfelt – Åraksbø

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.