Surtedalskleiva nedover (retning Kittelstad) under Åsan 11. mai 2024. Foto: Geir Daasvatn

Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral

Surtedalskleiva var ein bratt bakke på den gamle hovudvegen mellom Kyrkjebygd og Kristiansand.

Byvegen over Bygdeheia blei bygd som køyreveg (for hest og kjerre) i 1830-åra. Men etter kvart forfall han til ride- og sledeveg. Vegen var i bruk som hovudveg til Kristiansand til 1879. Då kom den nye mandalsvegen fram til Åseral. Det innleidde eit nytt kapittel i bygdesoga, seiast det i Åseral kommune sin Kulturminneplan. I 1880 blei Åseral flytta frå Nedenes amt til Lister og Mandals amt. Byvegen til Kristiansand blei etter det mykje mindre brukt.

Heile strekninga frå Kyrkjebygd til Sveindal blei merka som turløype i 1993.

Stykket held fram under biletet

Frå toppen av Surtekleiva, med nyare skogsbilveg t.h., ser me i nordleg retning mot Vormeli. T.v. den gamle «Flystveitvegen» (Kleivan). Foto: Geir Daasvatn

Midt mellom Vormeli og Kittelstad

Surtedalskleiva ligg langs Byvegen oppe i heia mellom Vormeli og Kittelstad. Eg gjekk inn til kleiva frå Tveit, langs «gamlevegen» mellom Kylland og Flystveit som eg såvidt hugsar frå barndomstida. Men ein vel så naturleg stad å starte turen er ved Vormelibrua. Om lag 300 meter sør for brua finn du skilt merka med «Sveindal», og du er ved eit fint startpunkt. Frå dette punktet får du med deg meir av den gamle vegen, inkludert ei tøff steinhellebru. Det strekket, forbi Sollimyr, vil eg skrive litt om i eit anna stykke. Men eg har lagt inn ein del bilete i artikkelen om Byvegen forbi Sollimur på Kulturminnesøk.no, om du vil sjå korleis det omtrent ser ut der.

Frå den nemnte gamlevegen til Flystveit er det merka løype vidare oppover i terrenget. Eit lite strekk av den gamle Surtedalskleiva ligg rett ved sida av den nyare traktorvegen. Oppe på toppen flatar det ut eit lite stykke, før det går nedover igjen nokre hundre meter.

Om du er veldig sprek, kan du sjølvsagt gjerne gå heile turen frå Kyrkjebygd til Sveindal i eitt. Eller omvendt, for den saks skuld. Det er ikkje for meg lenger. Eg veit ikkje nøyaktig kor langt det er, men kanskje rundt 15 km? I tillegg kjem eventuell retur, om du ikkje har ordna deg med skyss på anna vis enn apostlane sine hestar.

Eg for min del lyt nøye meg med kortare strekningar, og heller skrive nokre stikkord om kvar av dei etter kvart som eg finn fram til dei på ein grei måte. Surtedalskleiva var ei stor oppleving i så måte, i eit idyllisk heieterreng fullt av fuglekvitter! Kleiva er såleis både eit spennande kulturminne om ei tid som var og ei veldig fin naturoppleving.

God tur!

Kart Kyrkjebygd–Sveindal (Den gamle Byvegen er raud, stipla linje)

Kjelder

Sjå også

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen