Heddefossen med Bjønnespranget 4. juli 2016. Eg er ikkje heilt sikker på kor det nøyaktig er, men på eitt eller anna av dei smalaste stadene her må det vel vere! Foto: Geir Daasvatn

Bjønnespranget – Åseral

Bjønnespranget er ein stad i Heddefossen mellom Mjåland og Åmland. Spreke karar greidde å hoppe over kløfta. Det er kjent for å vere eit svært hopp.

Namnet kjem av ei gamal segn om ein mann som var elta av ein bjønn, er det forklart i kulturminneplanen for Åseral. Elva ligg her i ei djup kløft. Der hoppa mannen over og berga livet. Bjønnen våga seg ikkje etter.

I nyare tid skal det vere tre menn som har hoppa Bjønnespranget: Lars Mjåland, Petter Åmland og Arne Håvorstad.

Korleis finn du staden

Frå Sveindal følger du Fylkesveg 405 mot Kylland og Kyrkjebygd. Du fer forbi første garden du kjem til, Mjåland. Når du etter det nærmar deg Åmland, gjer vegen ein skarp sving. Just i svingen er det ein liten rasteplass eller i det minste ein stad du kan parkere bilen om du kjem køyrande. Over fenderen ser du då ned på Mandalselva og Heddefossen. Her er også Bjønnespranget.

Det er fleire spektakulære jettegryter i elva. Dei kan vere farlege. Det kan også vere glatt på berget på sida av fossen. Ta deg i akt!

Kart med Heddefossen

Rett i nærleiken

Kjelder

Fleire kulturminne

Postvegen – Vrongevje
Tveitbakk – flotingsmur
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Postvegen – Einang
Postvegen – Skorpetveit
Haugefjellet feltspatgruve – Evje
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Sørstemmen – Jordalsvatn
Sanden Såre – flotingsmur
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland