Storstoga 20. august 2016. Foto: Geir Daasvatn

Storstoga – Ose

Dette er ein spesiell, lafta tømmerbygning frå 1650 på Ose. Bygningen er ei gamal tingstove som opphaveleg stod på Heistad.

Storstoga blei altså først ført opp på Nordre Heistad av sorenskrivar Mads Pedersen. Han døydde i 1660. Det er mange historiar knytta til han i Bygland. Men det lyt ligge her.

Tre bønder på Ose kjøpte bygningen og flytta han til Ose, der dei tenkte å bruke han til hotell, fortel Oscar Handeland i kapitlet om Ingebjørg Berge i boka Kristenliv på Agder. Dette skjedde i 1906. Han skriv vidare:

– Men hotellplanane blei det ingenting av, og so tok Ingebjørg fatt og fekk folk med so dei kjøpte stova til bedehus. I 1907 eller 1908 flytte ho inn i andre høgda i storstoga, som dei seier i dalen, og der budde ho til sin døyande dag. I første høgda i den gamle tingstova med det eldgamle kjempe-tømmeret hadde dei møtesalen. Storstoga blei nå midtpunktet for det kristelege arbeidet i denne part av dalen. Og det var Ingebjørg som dreiv verket. Her fekk ho igang sundagsskule for borna frå heile grenda. Der la ho vel ned sitt meste arbeid.

I 2009 blei grunnen skild ut med eige bruksnummer (bnr. 129). Heimelen til eigedomen er det i dag Bygland kommune som har.

Storstoga er i 2½ etasje, 80 m² og har seks rom og kjøken. Ho er no brukt til samlingshus, selskapslokale og utstillingar m.m. Mellom anna har Annemor Sundbø stilt ut frå strikkesamlinga si her.

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Ose sentrum. Foto.
Ose i oktober 2017. Storstoga og Ose Turistheim midt i biletet. Køyr ikkje forbi Ose, og spesielt ikkje om sommaren! Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør