Botnen av Trebukleiva med Riksveg 9 til høgre. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand

Nord for Mosby gjekk den første køyrevegen oppover frå Kristiansand, dåtidas setesdalsveg, på vestsida av Riksveg 9 opp Trebukleiva til Nilsedalane.

Vegen blei bygd i 1829. Då avløyste han den eldre Vestre Fjellmannsvegen, som var vegen setesdølane mykje hadde følgd fram til då når dei la ut på bytur.

Den nye vegen kom opp Moldkleiv på austsida av dagens Riksveg 9, passerte over Severins bru og over til vestsida av riksvegen før han gjekk opp Trebukleiva til Nilsedalane. Nokre strekningar av vegen er framleis i rimeleg god stand, medan andre er blitt borte under nyare traktorvegar og andre inngrep.

Etter Nilsedalane heldt vegen fram over Buekleiv og den berykta Skottedalskleiva, og kom ned til Homstean via Myrbotnkleiva og Knutskleiva.

Vegen var ikkje i bruk så lenge. Alt i 1843 kom det ny veg opp til Nilsedalane, etter ei litt anna linje. Det er den private vegen som er i bruk fram til garden den dag i dag. I 1872–1874 blei hovudvegen så lagt om til den linja Riksveg 9 følger nå.

Kart Høie Fabrikker–Dalane

Stykket held fram under biletet

Forbi Trebukleiva, på veg mot Nilsedalane. Foto: Geir Daasvatn

Eit par stikkord om veghistoria

Den første køyrevegen nordover frå byen blei bygd 1721–1728. Med «køyreveg» forstår me då ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på. Han gjekk bare til Klappane. I åra 1782–1790 kom han fram til Krossen. Vegen blei forlenga til Øvre Strai i same tidsrom. Frå 1791 til 1794 blei han bygd vidare til Mosby.

Det kom så eit opphald i vegbygginga nordover. Men i 1829–1835 blei det bygd veg vidare frå Mosby over den såkalla Skipmannsheia til Kile i Hægeland. Vegen opp Trebukleiva kom som alt nemnt då. Frå rundt 1840 til 1846 blei han endeleg forlenga gjennom Hornnes og vidare oppover i Setesdal til Valle kyrkje. Vegen er mykje blitt kalla «Postvegen» i Setesdal. Sør for dalen, frå Kristiansand og nordover til Hægeland, har eg inntrykk av at han meir blir omtala som «gamle setesdalsvegen» eller bare «gamlevegen».

Kjelder

Meir om den gamle setesdalvegen i Kristiansand

Fleire kulturminne

Postvegen – Båsbrokka i Bykle
Postvegen – Hoslemo
Frøyrak gamle brygge
Det første kraftverket på Hovden
Postvegen – Bakken
Postvegen – Heddessteinen
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Postvegen – Moen gamle bru
Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen