Straumsfjordstemmen er ein flotingsstem i søre enden av Straumsfjorden i Setesdal austhei.
Straumsfjorden er den øvste delen av Tovdalsvassdraget. Størstedelen av den svære innsjøen, som er kring 11 km lang, ligg i Valle kommune (Straume, Hylestad). Sørenden ligg i marka til Nordre Heistad i Bygland. Frå utlaupet renn Tovdalselva sørover gjennom ei lang rekke vatn og fjordar, og munnar ut i havet – i Topdalsfjorden – om lag ved Kjevik flyplass i Kristiansand.
Fjorden har vore nytta til flotingsføremål sidan før 1900. Alt i 1874 blei det skipa ei foreining, «Fellesfløtningen i Tovdalsvassdraget», som organiserte flotinga. På digitalmuseum.no kan me sjå bilete frå 1927 av ein tidlegare dam ved utlaupet av fjorden.
Stykket held fram under biletet

Steinstemmen frå 1935
Dammen me talar om her er bygd i 1935. Han står framleis, heilt i sørenden av fjorden, der vatnet renn vidare ned i Hjellevatn. Han er bygd opp av gråstein. På vatnsida har han sementpuss. Ånund Eldhuset har fortald at han og Olav G. Nordgarden blei frakta med helikopter inn til Straumsfjorden hausten 1978. Dei gjorde vedlikehald på stemmen og fornya sementpussen.
Reguleringshøgda er fire meter. Når fjorden er full, kan han romme 32 millionar m3 med vatn.
«Det blei ikkje flota tømmer frå Straumsfjorden», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind II, s. 306). Føremålet var i staden å samle opp flaumvatn, særleg under snøsmeltinga om våren. Når vatnet blei sleppt ut av stemmen, auka det vassføringa i elva lenger nede. Då gjekk flotinga lettare. Til vanleg skjedde dette vassleppet i juni.
Framover mot 1960 tok biltransporten meir og meir av tømmeret. På 1960- og 1970-talet blei det mindre og mindre tømmer til floting. I 1981 var det heilt slutt med flotinga i Tovdalselva. I dag står Straumsfjordstemmen att i landskapet som eit kraftfullt minne om det som ein gong var ei viktig næringsgrein.
Stykket held fram under biletet

Olav Grendstad dokumenterar!
Eg har sjølv aldri kome meg så langt inn i Setesdal austhei som til Straumsfjorden. Men turistverten i Bygland, Olav Grendstad på Stoga på Prestneset, er ein mykje meir mobil kar. I juni 2025 tok han ein kjapp, «liten» tur opp til Mjåvatn på Straume, padla over det vatnet, drog kajakken nokre hundre meter over land til Straumsfjorden, og padla sørover til Straumfjordstemmen. Alt unnagjort så han rakk tilbake til opninga av Turistinfoen på Stoga kl. 11! Eg har fått lov til å bruke Olav sine bilete frå den lynturen til å illustrere det vesle stykket mitt her.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, s. 306–307
- Tønnes Hagestad, Fløtningens historie i Otra og Tovdalselva, 1988, s. 53 flg.
- Artikkelen om Straumsfjordstemmen på Setesdalswiki (skrive av Knut Eldhuset)
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 457
