Når du tek til på spaserturen i Fånekleiva frå parkeringsplassen i sør, ser du ganske tydeleg restane etter den første kleiva frå 1842 rett på oversida av den nye vegen frå 1870. Foto: Geir Daasvatn

Gamle Fånekleiva – Bygland

Fånekleiva – turløypa som me er så glade i – er bygd i 1842. Etter eit svært steinras i 1870 blei den nedste delen øydelagt, og kleiva her lagt om.

Fånekleiva var eitt av dei vanskelegaste partia på Postvegen, kjerrevegen som blei bygd oppover i Setesdal først på 1840-talet.

«Det franske prinsipp»

På den tida gjaldt det såkalla «franske prinsipp» for vegbygginga i Norge. Vegen skulle gå mest mogeleg rett fram. Det førte til at Fånekleiva blei veldig bratt. I det skrånande terrenget måtte vegen byggast opp med høge natursteinsmurar. Mot ytterkanten var han sikra med svære stabbesteinar. «Turen opp med hest og vogn vart ei strevsam reise», heiter det i den framifrå boka Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (2018, s. 105).

Kleiva frå 1842 gjekk altså temmeleg rett fram omtrent frå enden av parkeringsplassen for turløypa i dag. Du må liksom kikke deg litt godt rundt for å få auge på ho, mellom trea nokre meter på oversida av den nyare vegen som me går i dag. Om du tek deg bryet, kan du finne delar av vegen igjen om du leitar litt grundig i steinura.

Den gamle Fånekleiva 8. mars 2024. Midt inne i det enorme rasområdet finst det framleis spor etter «gamlevegen».

Ras og omlegging av vegen

Denne nedste delen av Fånekleiva blei som nemnt mykje øydelagt av eit ras i 1870. Vegen her blei då lagt om. I staden for det lange strekket rett fram kom det to nye, skarpe svingar, noko nedanfor den første vegen. Stigninga blei redusert. Det var sjølvsagt bra for dei som for langs vegen på slutten av 1800-talet, med hest og vogn. Men kleiva var framleis etter måten bratt, og dei skarpe svingane var nok langt frå ideelle då rutebilane begynte å trafikkere dalen i 1920.

Fånefjell vegmiljø

Ved Fånefjell er det minst fire ulike vegtraséar. Heile vegmiljøet er freda etter Kulturminnelova. Her er det fantastisk fint å gå på tur. Samstundes er du midt i «eit eineståande stykke veghistorie»! (Frå postveg til riksveg, s. 106.)

Her ved nordre enden av rasområdet gjekk 1842-vegen, og heldt fram oppover i terrenget slik vegen framleis ligg i dag. Det er ved den andre skarpe «hårnålssvingen» etter omlegginga i 1870. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean