Otra forbi dei gamle brukara etter Berdalsbrua. Foto: Geir Daasvatn

Gamlevegen ved Berdalsbru

Den første brua over Otra ved Berdalsbru blei bygt i 1912–1913.

Det var ei nydeleg steinkvelvbru, har eg sett på gamle bilete. Den gamle vegen følger elvekanten på austsida, til høgre på biletet, og møter Riksveg 9 like nord for der brua kjem over i dag.

Sprengt av norske motstandsfolk

Steinkvelvbrua blei sprengt i stykker av norske soldatar ved krigsutbrotet i 1940, for å stoppe tyskerane. Men det kom fort på plass ei erstatninsbru i tre. Ho gjorde nytta fram til dagens bru kom tidleg på 1960-talet.

Restane etter brua (brukara) og gamlevegen er framleis godt synlege i terrenget.

Kjelder

  1. Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, 2018, s. 189–190
  2. Leonhard Jansen, Livsnerva gjennom Setesdal, jubileumsbok for Setesdal Bilruter, 2022, s. 50

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean