Fossåna bru 27. mars 2024. Foto: Geir Daasvatn

Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland

Mellom Fossåna og Tromyr på Eikeland i Hægeland, rett vest for Riksveg 9, finn me att eit fint stykke av den første køyrevegen nordover frå Kristiansand mot Setesdal.

Det strekket me taler om her, frå sør for Fossåna til over Tromyr i nord, blei bygd 1829–1835. Vegen blei utvida 1845–1847. Over Fossåna måtte det byggjast bru. Først var det ei trebru. Ho blei erstatta av ei vakker steinkvelvbru i 1884. Mange stader ellers er vegbanen bygd opp med kraftige steinmurar i skrånande terreng. Over Tromyr er det også tydeleg oppbygd vegbane. Vegen var i bruk til «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av Setesdalsbanen kom forbi her i 1964.

Litt nord for Fossåna bru er vegen kraftig mura opp over eit søkk i terrenget. Foto: Geir Daasvatn

Byveg for setesdølane

Før det kom køyreveg mellom Kristiansand og Setesdal var byvegen for setesdølane ein gang- eller kløvveg som byfolka gjerne kalla Fjellmannsvegen eller Dalemannsvegen. Den vegen kom også forbi Hægeland og Eikeland, men gjekk ellers lenger vest og høgare oppe i heia.

Ved Kongeleg resolusjon 23. april 1839 vart det bestemt å bygge «Hovdevei» frå Kristiansand til Valle kyrkje, dvs. oppover i Setesdal. I dalen er vegen seinare mykje blitt kalla Postvegen. På det tidspunktet fantest det altså alt ein køyreveg for hest og vogn frå Kristiansand til Hægeland. Rundt 1840 kom Postvegen forbi Hornnes, og i 1846 stod han ferdig til Valle kyrkje.

Utan at eg skal seie det sikkert, er det nok mykje truleg at setesdølane tok den nye vegen vidare sørover frå Hægeland då han stod ferdig rundt 1835.

Frå då og fram til 1884 var gamlevegen frå Fossåna til Tromyr – vegen me ser på bileta her – såleis ein del av byvegen for setesdølane.

Kart over området (vegen er avmerka med grå stipla linje)

Stykket held fram under biletet

Mellom Fossåna og Tromyr ligg vegen høgare ope i terrenget enn Riksveg 9, som me såvidt kan skimte t.v. i biletet. Foto.
Eit fint stykke av gamlevegen litt sør for avkøyrsla til Røyneland. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør