Svære, gamle vegmurar i den nordre delen av Helveteskleiva 30. mars 2024. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn

Helveteskleiva var ein bratt bakke på den første køyrevegen frå Kristiansand oppover mot Setesdal, på vestsida av Langevatn, i Hægeland.

Kleiva er mellom Neset i sør og Bjordalen ved avkøyringa til Åmdal lenger nord. Vegen her gjekk høgt over ein «avgrunn» ned mot Langevatn.

Reiersdalskleiva sør for Neset blei bygd i åra 1829–1833. Espelandskleiva nord for Helveteskleiva blei bygd i 1833. Så i tidsromet 1829–1833 må nok dette vegstykket vere bygd.

Mykje av vegen er i dag skjult under Riksveg 9. Eit stort arbeid med å sprenge vekk fjell langs riksvegen her vinteren 2024 la endå meir under stein. Men om du kikkar litt godt etter, finn du svære murar og andre tydelege spor etter den gamle vegen på nedsida av Rv-9. Det gjeld både i sørenden av kleiva ved Neset og lenger nord.

I den lange, slake bakken sør for avkøyringa til Åmdal er det ein parkeringsplass på austsida av riksvegen. Derfrå kan du gå eit lite stykke sørover på det som er igjen av den gamle vegen (sjå raud, stipla linje på kartet under biletet). I sør, ved Neset, er det litt meir «kronglete» å finne fram. Men frå busskuret der er det få meter ned i terrenget til gamlevegen.

Stykket held fram under biletet

Nokre få meter nedforbi busskuret ved Neset minnar svære steinmurar om vegen som ein gong gjekk her. I bakgrunnen skimtar me såvidt rekkverket på Rv-9. Foto: Geir Daasvatn

Kart over området

Kjelder

  • Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen, Vest-Agder, 2000, s. 194

Fleire kulturminne

Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida