Grunnmuren etter flyobservasjonsposten på Tårnhaugen 27. juni 2026. Foto: Geir Daasvatn

Flyvarslingsposten på Tårnhaugen i Bykle

Under andre verdskrigen etablerte tyskerane ein flyvarslingspost på Tårnhaugen i Bykle kyrkjebygd.

«Før utviklingen av radarkontrollerte luftrom mot slutten av krigen var luftvarslingsposter en av få muligheter til å varsle om innkomne fly», skriv Tormod Christiansen i ein omfattande artikkel om tyske krigsminne i Bykle, Valle og Bygland i årsskriftet til Setesdal sogelag, Setesdal og setesdølar, for 2025.

I 1943 bestemte tyskerane seg for å utvide varslingsnettet sitt med seks varslingspostar frå Bygland til Bykle. Mellom desse var Tårnhaugen. Staden er eit høgdedrag eller ein kolle like nord for Bykle sentrum, øvst på Kviforbakkane og nær (like vest for) den gamle riksvegen.

A. J. Engesland Entreprenørselskap AS var hovudentreprenør for bygginga av dei tyske anlegga i Bykle. På Tårnhaugen leia ein lokal underentreprenør for Engesland arbeidet.

Det tyske mannskapet på posten var innkvartert i ei brakke som låg delvis nedgravd i bakken. Eit høgt observasjonstårn stod på toppen av haugen. Seinare blei han difor kalla Tårnhaugen. Heile området var dekka av maskingeværstillingar og løpegraver. Det var laga ein gangveg frå riksvegen opp til anlegget. Det er framleis mange spor etter verksemda, mellom anna grunnmuren etter observasjonsposten.

Dette er berre nokre stikkord. Vil du vite meir er det nemnte stykket til Tormod Christiansen ein framifrå stad å byrje. Tormod har også skrive rapporten Kartlegging av tyske festningsverk i Bykle kommune i samarbeid med Bykle kommune (2018). I den rapporten er det eit omfattande biletmateriale. Eg har også funne nokre opplysningar om Tårnhaugen i Bykle kommune sin kulturminneplan og i Kultursoga (1993) skrive av Knut Gjerden.

Kanskje blir du så interessert at du går og ser den spennande staden sjølv!

Fleire krigsminne i Bykle: Kanonstillinga på Bjones, Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen, Bunkersen ved Lisletjønn, Tyske forsvarsstillingar i Bjørnarådalen

Kart over området (høgdedraget like nord for det siste bustadhuset på vestsida av den gamle riksvegen på veg nordover)

Maskingeværstilling på vestsida av Tårnhaugen 27. juni 2026. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Åknes kapell
Hoslemo gamle bru
Hauganloftet
Kjeddingsteinen – Åseral
Auglandskleiva bru – Torridal
I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Håvorstad sagbruk – Åseral
Åmdalskleiva på den første Dalevegen
Postvegen – Lauvdalsodden
Postvegen – Heddessteinen
Byklestøylane
Futevegen – Kjørkemoen til Tveit i Hovlandsdalen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.