Dei gamle vegmurane i Nesetsvingen 4. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Nesetsvingen sør

I Nesvika, rett før du på veg nordover tek til på den krappe svingen på Riksveg 9 sør for Neset Camping, står det framleis att nokre svære murar etter Postvegen.

Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Mange stader i heile dalføret kan me framleis finne gamle vegstubbar og andre minne etter vegen. Fånekleiva er vel den mest berømte. I Nesvika er det óg slike spor. Men her er det nå, i november 2024, sett i gang eit svært arbeid med å rette ut den krappe Nesetsvingen på Riksveg 9 inst i vika. Eg ser for meg at dei gamle vegmurane då kanskje forsvinn under den nye vegen.

Ut mot fjorden

I Nesvika var det fjell som stengte for å legge vegen rett fram. Dynamitten var endå ikke i bruk, så vegbyggarane laga ikkje svære skjeringar som me gjer i dag. Vegen blei i staden bygd rundt fjellet, heilt ut mot fjorden slik han var rundt 1840 då vegen blei bygd.

Rett før Nesetsvingen, like nord for rasteplassen der turløypa opp til Tjuvehola tek til, låg vegen såleis heilt ut mot vatnet. Der kan me framleis sjå nokre store murar som står omtrent i vasskanten når fjorden er full. Ved låg vasstand er det fint å gå ned på nedsida av murane, og få eit godt innblikk i korleis vegbygginga gjekk føre seg på 1840-talet.

Stykket held fram under biletet

Her heilt ut mot fjorden gjekk den gamle kjerrevegen frå først på 1840-talet. Vegen var halden oppe av muren me ser på biletet øvst i stykket. Foto: Geir Daasvatn

Vegutbetring i fleire omgangar

Den eminente lokalhistorikaren Reidar Tveito på Byglandsfjord har skrive ein del om kjerrevegen mellom Byglandsfjord og Neset i fleire av dei fine hefta sine. I Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord (s. 46) forklarar han at Vegvesenet fekk krav om utbetring av den gamle kjerrevegen då Landeskogen tuberkulosesanatorium kom i Grendi rundt 1916. Vegen her var ikkje god nok for biltrafikken som følgde med. Fleire svingar på strekninga blei difor retta ut i den såkalla «sanatorieomlegginga» i 1921.

Det var også ei svær utbetring i 1972–1973. Det var då Nesetsvingen blei lagt ut på ei fylling i fjorden. Den gamle kjerrevegen «smaug seg heilt inst i vika», som Reidar Tveito skildrar det. Men den svære stablemuren ut mot fjorden, ja han har halde stand heilt fram til denne dag!

Kjelder

  • Reidar Tveito, Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, eige forlag, 2017, s. 64-65
  • Reidar Tveito, Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsfjord, eige forlag, 2018, s. 82–85
  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 102–103

Fleire stykke om Postvegen i Bygland

Kart over området

Fleire kulturminne

Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Stigemo, Skomedal
Holsloftet
I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Byvegen i Åseral – Krokstean
Postvegen i Hornnes
Postvegen – Vrongevje
Sosteli – Åseral
Tyskarminnevegen – Moisund
Urdalsfjell bygdeborg – Evje
Skollhaugan gravfelt – Skreros
Nordigard Hoftuft-loftet

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.