Husmurane etter stoga til Vise-Taddeiv like vest for Kvinnebekken i Bykle kyrkjebygd 21. april 2026. Foto: Geir Daasvatn

Heggjesletta – heimen til Vise-Taddei

Husmannsplassen Heggjesletta i Bykle kyrkjebygd var heimen til den sjølvlærte og synske «bygdedoktoren» Tellef Osmundson Byklum (f. 1836, d. 1916).

«Vise-Taddeiv var ein mann utom det vanlege», skriv Knut Gjerden i Bykle kultursoge (1993). Han var mest kjend for lækjarkunsten og den synske evna, forklarar Gjerden. Men han var allsidig og hadde mange talent. Han lærte folk å veve teppe, hatteband og meir til. Han skal også ha vore ein meister til å brygge maltøl.

Etter at Taddeiv var blitt vaksen fekk han bygsle Heggjesletta frå Innistog Byklum. Han var mykje på farten rundt om gjennom heile livet, men Heggjesletta var den faste basen heilt til han døydde i 1916. Sidan Taddeiv var mykje på farten, overlet han bruken av plassen til broren, Hallvard Osmundson, og faren, Åsmund Olavsson.

Noko før Taddeiv døydde, i 1913, fekk han eit gjevt klokkeband av heradsstyret i Bykle som påskjøning for lækjargjerninga si.

Les også: Artikkelen om Vise-Taddeiv på Lokalhistoriewiki

Berre husmurane står att

Muren etter stoga med eigen kjellarinngang 21. april 2026. Foto: Geir Daasvatn

Husa i Heggjesletta blei selde på auksjon etter at Taddeiv var død, skriv Aanund Olsnes i Heimar og folk i Bykle (band IV). Stoga blei sett oppatt til bu på ein støyl under Innistog Byklum.

I dag står såleis berre husmurane att i Heggjesletta som minne etter Vise-Taddeiv. Det er like på oversida av Riksveg 9 og noko vest for Kvinnebekken. Medan Taddei heldt til her gjekk hovudvegen på oversida av plassen.

Det er solide, store murar. Under den eine stoga var det full kjellar som han kunne gå inn i utanfrå. Det var uvanleg på den tida, skriv Knut Gjerden.

Kjelder

  • Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, bind IV, utgjeve av Bykle kommune, 2006, s. 262–272
  • Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, s. 314–319

Fleire kulturminne

Nordigard Hoftuft-loftet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Sandnes skulehus
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Hengebrua over Otra på Ørnefjell
Birkåsen – Hornnes
Gjetarhytta på Bjåen
Storstoga – Ose
Fennefossen – flotingsmurar
Løylandsloftet – Grendi
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.