Heimigard Rysstad 18. februar 2017. Foto: Geir Daasvatn

Heimigard – Rysstad

Heimigard er eit gardsbruk på Rysstad i Hylestad. Marton Laksesvela og kona Anna Olavsdotter Rysstad forpaktar eigedomen.

Her driv dei to med sauer, sel røyka sauekjøt og mykje anna. Marton er til dømes sterkt engasjert i prosjektet med å få bygd ei ny stavkyrkje i Setesdal.

Løa på bruket er bygd før Svartedauden (1349–1350), og er ca 700 år gamal. Ho er truleg den eldste i Noreg.

Loftet (stabburet) på garden er også frå tida før Svartedauden.

Den eldste delen av våningshuset er frå slutten av 1400-talet.

Heimigard ligg rett på andre sida av Riksveg 9 for Hylestad kyrkje. Johs. Bjørkeli har kalla Setesdal for «Dalen med museum på hver gård» i ein artikkel han laga for Fædrelandsvennen for nokre år sidan. Det er mykje sanning i det, og Heimigard er verkeleg eit museum i seg sjølv.

Stykket held fram under biletet

Heimigardsløa etter restaurering 20. juli 2017. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Knutsbakk – Bygland
Postvegen – Kroni til Moen
Tyske forsvarsstillingar i Bjørnarådalen
Nordstemmen – Bygland
Langeidsverdet
Byklestøylane
Skollhaugan gravfelt – Skreros
Sandnes kyrkje – Åraksbø
Bykle gamle bru
Riksveg 400 rundt Toptenes
Postvegen Kristiansand–Bykle
Årdal kyrkje

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.