Sandnes kapell 24. februar 2017. Foto: Geir Daasvatn

Sandnes kapell

Sandnes kapell er ei åttekanta kyrkje på Sandnes i Bygland. Kyrkja har rundt 70 sitteplassar.

 I 1842 blei ei kyrkje bygd på Sandnes tidleg på 1680-talet rive, og ei tømmerkyrkje med åttekanta grunnplan blei reist på same staden. Ho blei vigsla i 1844. I samband med det arbeidet vart kyrkjegarden utvida og kyrkjegardsmuren fullført. Kyrkja frå 1680-talet hadde i sin tur erstatta ei eldre kyrkje, truleg ein stavbygning. Etter segna skal den eldste kyrkja ha stått på «Kyrkeborgin». Det er ei stor sandgrunne som før oppdemminga av fjorden var fast land. Kva tid denne første kyrkja var bygd, er uvisst. Bygdebokskrivaren Reidar Vollen argumenterer i Bygland gard og ætt for at det er rimeleg å tru 1200-talet.

Omstridt flytting til Åraksbø

Frå 1884 kom det stadig søknadar om å flytte kyrkja til Åraksbø, tre kilometer lenger nord. Tyngdepunktet av folkemengda var der. Det oppstod ein stadig meir tilspissa strid mellom oppsittarane i Åraksbø på den eine sida og på Sandnes og Frøysnes på den andre. I 1935 bestemte Kyrkjedepartementet omsider å flytte kyrkjestaden til Haugen nordre, i Åraksbø. Den åttekanta tømmerbygninga blei då demontert og materialane flytta på isen nord til Haugen. Flyttinga var svært kontroversiell. Bygdefolket på Sandnes tykte det var vondt å miste kyrkja, skriv Vollen.

Bygdefolket bygde Sandnes kapell

Folka på Sandnes og Frøysnes tok nå opp tanken om å bygge eit kapell på den gamle kyrkjetomta. I 1940 sette folk i dei søndre grendene opp kapellet på denne tufta. To byggmeisterar rå Evje leia arbeidet. Dei skal ha gjort eit uvanleg godt og samvitsfullt arbeid. Kapellet blei vigsla i 1949. Då hadde det alt vore i bruk i fleire år.

Det er årlege messer i kapellet, og det skjer framleis gravlegging på kyrkjegarden.

Kjelder

Sjå også

Sandnes kapell ligg vakkert til i landskapet. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean