Vekas bilete

Austad kyrkje

Austad kyrkje, Bygland. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Austad kyrkje 18. desember 2019. Foto: Geir Daasvatn

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland.

Kyrkja ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo

Bygd i 1880

Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880. Ho vart forretta av biskop Jørgen Moe.

Låg opphaveleg på Austad

Opphaveleg låg kyrkja aust for Otra, på Austad. Men i 1872 var ho i så dårleg stand at prosten Blom kalla henne «kassabel». I 1878 hadde prestegjeldet fått løyve til å rive kyrkja. Tømmeret vart seld.

I nedslagsfeltet til kyrkja bur det om lag 100 personar. Dei bur i på båe sidene av Otra, frå Austad og Ose i sør til Langeid og Sordal i nord.

Kjelde & tekst & les meir

Austad kyrkje på Setesdalswiki

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad