Vekas bilete

Bjørnarå

Bjørnarå 271219 (2)-2-3-2
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Bjørnarå 27. desember 2019. Foto: Geir Daasvatn

På denne nye nettstaden min har eg lyst til å ha ei fast spalte, der eg ei gong kvar veke presenterer eit bilete som syner eitt eller anna motiv frå Setesdal.

Eg må også ha med Åseral. Åsdølane er jo for lengst blitt ein del av det politiske samarbeidet i regionen, gjennom Setesdal Regionråd. Det kjennest både naturleg og rett å bidra det vesle eg kan til at det fellesskapet blir utvida også til andre område enn «bare» politikken. Me er på same lag!

Bjørnarå

Bjørnarå er gnr. 18 og ei lita grend heilt sør i Bykle. Bjørnarå ligg der elva frå Bjørnarådalen renn ut i Otra. Her utvidar elva seg til ein stor hyl, og svingar beint sørover. Gardsbruka ligg på nordsida av hylen. Avstanden frå Bykle kyrkje langs Riksveg 9 er om lag 10 km. Bjørnarå er altså den sørlegaste garden i Bykle, så granneeigedomane møt sør ligg i Valle.

På biletet her er det bruket Der heime (bnr. 2) me ser. Biletet er tatt 27. desember 2019. Eg har det også med i boka mi frå Bykle (utgjeve 2021).

Kjelder

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad