Vekas bilete

Bykil – Botsvatn

Bykil og Botsvatn sett frå Jarekollen i Bykle. Foto
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Fenomenalt utsyn utover fjellheimen! Bykil og Botsvatn sett frå Jarekollen 2. juli 2023. Foto: Geir Daasvatn

Frå Jarekollen rett ovafor Bykle kyrkjebygd får me eit fantastisk utsyn mot Bykil og Botsvatn i Bykle.

På Jarekollen ligg dagsturhytta i Bykle, Jarebu. I artikkelen vår om Jarebu er vegen opp til toppen nærare forklart.

Bykil

Bykil som ligg til venstre på biletet er ei utviding i Otra. Det vesle vatnet er demt opp med ei lita, låg demning i sørenden. I si tid hadde kraftutbyggarane planar om å bygge ein kjempedemning i enden av Bykil, der Setesdal er på sitt trongaste, og stenge av heile dalen. Heldigvis stoppa regjeringa planane til slutt, i 1969, etter ein iherdig motstandskamp i Bykle.

På austsida av Bykil ser me Setesdalsvegen, Riksveg 9, slynge seg oppover mot Bykle bru før han når fram til Kyrkjebygda.

Les meir om Bykildammen på Setesdalswiki

Botsvatn

Til høgre i biletet ligg det mykje større Botsvatn, eller Bossvatn som eg trur byklarane mykje seier sjølv. Når det ikkje blei noko av den svære Bykildammen, vart i staden Botsvatn demt opp med ein stor dam med ei reguleringshøgde på 56 meter. Då dammen blei bygd midt på 1970-talet, blei mykje landbruksjord sett under vatn og mest heile Nordbygdi måtte fråflyttast.

Les meir om Dam Botsvatn på Setesdalswiki

Heilt inne ved den vestre enden av vatnet, som me ikkje ser her, låg også fleire gardsbruk. Med eit samlenamn kalla byklarane dei gardane for Botnen. Dei blei fråflytta noko tidlegare enn resten av Nordbygdi.

Les meir om Botnen på Setesdalswiki

Å stå på Jarekollen og sjå utover fjellheimen i Bykle gjer eit mektig inntrykk. Ta deg ein tur og sjå sjølv!

Fleire bilete

Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Den gamle steinvegen i Flårenden
Lognavatn – Åseral
Flygargravene på Bygland kyrkjegard
Stavenes kulturlandskap
Flårenden i Valle