Vekas bilete

Klepp – Evje

Morgonstemning over Otra ved Klepp i Evje i oktober 2017. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Klepp om morgonen 5. oktober 2017. Foto: Geir Daasvatn

Klepp ligg på austsida av Otra, tvers over elva for Moisund.

Garden ligg lengst sør i tidlegare Evje kommune. I sør grensar han såleis til Austre Hodne i Iveland.

Klepp var skrivargard i eldre tider. Men sommaren 1957 blei kontoret flytta til Kristiansand.

Det var fergesamband mellom Moi og Klepp til Moisund bru kom over Otra i 1969.

Tom Terje Haugland er heimelshavar til eigedomen.

Biletet tok eg ein tidleg oktobermorgon i 2017. Det ligg ofte dis eller skodde over Otra om morgonen. Det kan gi mange gonger gi stemningsfulle bilete.

Kjelde

  • Alf Georg Kjetså, Hornnes mi heimbygd, bind I, utgjeve av Evje og Hornnes sogelag, 2017, s. 143

Les meir

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden