Fenomenalt utsyn utover fjellheimen! Bykil og Botsvatn sett frå Jarekollen 2. juli 2023. Foto: Geir Daasvatn

Jarekollen – Bykle kyrkjebygd

Jarekollen er fjellet som kneisar opp rett «bak» Bykle kyrkebygd. Frå toppen er det ein fantastisk utsikt utover fjellheimen i Bykle. Her ligg også dagsturhytta Jarebu.

Slik eg skjøner det, har Jarekollen «alltid» vore eit turmål for byklarane. Men hausten 2022 blei dagsturhytta Jarebu sett opp her. Eg vil tru mange, mange fleire ivrige turgåarar, både setesdølar og andre som besøker Bykle, etter kvart finn fram til dette spektakulære turmålet.

Stykket held fram under biletet

Det er ikkje langt å gå opp til toppen av Jarekollen. Men det kjennast ut som å vere på fjelltur! Mellom trea her ser du nord-austover mot Hårshovden. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du hit

Det går merka turstig opp til Jarebu med start frå Bykle ljosløype. Starten på ljosløypa finn du ganske rett bak Bykle alders- og sjukeheim i Øvre Sarv. Du følger løypa oppover i rundt 500 meter, til Bykle vassverk. Derfrå går du vidare ca. 100 meter. Der tek stigen opp til Jarekollen til. Staden er tydeleg merka med skilt. Heile løypa er veldig bra merka med oransje farge på steinar og tre.

Det er jamn stigning i starten, på fin skogbotn med nokre flatare myrparti, dei første 750 meter i terrenget. Det kan vere litt blautt enkelte stader, så du bør ha gode joggesko eller fjellsko. Ved «vegkrysset» Stigen startar ei brattare oppstigning til sjølve toppen. Dette strekket er 400–450 meter. Det er nydeleg utsikt opp mot Stavenes og mot Kyrkjebygda fleire stader her.

Frå der du forlet ljosløypa til toppen er det altså rundt 1,2 km. Om du reknar frå starten av ljosløypa nede ved alders- og sjukeheimen blir turen rundt 1,8 km. Så er det like langt tilbake, men då i mykje lettare nedoverbakke.

Stykket held fram under biletet

Bykle kyrkjebygd og Stavenes sett frå turløypa opp mot Jarekollen 2. juli 2023. Foto: Geir Daasvatn

Alternative ruter

Løypa eg har skildra her er den tilrådde. Det finst i tillegg to alternative ruter opp til toppen. Dei tek også til frå ljosløypa. Den eine stigen byrjar ved Kileleitet og den andre frå Finnflaten. Eg har ikkje prøvd dei ut. Det er oppslag og skilt langs ljosløypa som forklarer desse alternativa nærare. Dei finnast også på Ut.no.

God tur!

Kart over området. Du ser Bykle ljosløype som stipla gul/raud linje

Rett i nærleiken

Bykle kyrkjebygd er verkeleg verdt eit besøk! Her er noko av det du kan oppleve når du først har strevd deg heilt opp til toppen av Jarekollen:

Du vil kanskje også lese

Meir om Setesdal

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Jarekollen – Bykle kyrkjebygd"