Bykle ljosløype 2. juli 2023. Foto; Geir Daasvatn

Bykle ljosløype

Dette er ei fin rundløype med grusunderlag. På sommaren kan du både gå og sykle rundt løypa. På vinteren er det oppkøyrt skiløype.

Bykle ljosløype nokre bratte bakkar innimellom. Men ikkje verre enn at du gjerne kan ta ein tur med barnevogna eller ein elektrisk rullestol. Heile runden er 5,5 km lang.

På høgaste punktet er det utsikt mot både Støyledalen og Botsvatn.

Jarekollen

Tre stader langs løypa er det merka stig opp til toppen av Jarekollen med dagsturhytta Jarebu.

Det er ei rute skilta frå Vassverket, 500-600 m etter ljosløypestarten. Dette er den tilrådde ruta opp til toppen.

Ei anna rute går frå Kileleitet, 2,8 km frå starten på lysløypa.

Det tredje alternativet går bratt opp frå Finnflaten, 800 m frå der ljosløypa tek til.

Korleis kjem du hit

Ljosløypa startar rett bak Bykle alders- og sjukeheim, i Øvre Sarv i Bykle kyrkjebygd. Det er grei plass for parkering. Det står også skilt med kart over løypa. Det er lett å finne vegen vidare.

God tur!

Kart over området. Ljosløypa er teikna inn med gul/raud linje.

Sjå også

Rett i nærleiken

Bykle kyrkjebygd er verkeleg verdt eit besøk! Her er noko av det du kan oppleve når du først er på tur i bygda:

Del "Bykle ljosløype"