Futevegen mellom Oddestemmen og Tveit 10. april 2024. Foto: Geir Daasvatn

Futevegen Oddestemmen – Tveit

Frå Oddestemmen ved Gautestadvegen rett aust for Evje kyrkje kan me følge den gamle Futevegen eit langt stykke gjennom skogen opp til Tveit.

Futevegen gjennom Evje gjekk frå Evje kyrkje til Flatebygd, over Kongvaheia til Undeland, Mykjåland, Kleveland, Lislevand og vidare gjennom Hovlandsdalen til Vegusdal. Frå Vegusdal heldt vegen fram mot Herefoss og Arendal. Her gjekk «hovudtrafikkåra» frå Evje og austover fram til om lag 1840. Det var ein kløv- og rideveg.

Namnet kom truleg av at futen for langs denne vegen når han reiste til tings i HornnesOse eller Valle. Både fut og sorenskrivar var busette på Herefoss på denne tida.

Idyllisk tur langs åna!

Ta utgangspunkt ved brua ved Oddestemmen Camping. På brua er det skilt med informasjon om fleire spennande kulturminne i området. Frå brua følger du bare vegen vidare forbi campingen gjennom skogen på nordsida av Oddeåna (det står Oddebekken på kartet). Vegen er markert med stipla linje på kartet. Først er det traktorveg eit stykke, kanskje rundt 600 meter (grå stipla linje). Om du kikkar deg godt rundt, kan du sjå fleire stikkrenner som eg trur er frå den gamle Futevegen.

Turen held fram under biletet

Traktorvegen på første delen av turen. Foto: Geir Daasvatn

Du kjem etter kvart til eit grustak. Nå er det slutt på traktorvegen, og du held fram på den gamle Futevegen (raud stipla linje). Han er bygd opp over myrdrag og søkk i terrenget. Fleire stader er det mur ut mot elva. Det er gøy å kunne sjå spora etter vegen, sjølv nå mest 200 år seinare.

Etter om lag 400–500 meter til kjem du til staden der vegen gjekk på bru over elva til Bråbakkane på Tveit-sida. Dei gamle brukara er framleis å sjå. Dei er ganske tilgrodde, og du må kikke deg litt rundt for å få auge på dei.

Fram og tilbake omtrent to kilometer

Eg trur etter ein rask sjekk med kartet at det er om lag ein kilometer frå Oddestemmen Camping til enden av vegen ved brustaden. Altså ein tur på rundt to kilometer eller litt meir t/r. Det er såleis ein kort tur, men i eit nydeleg, idyllisk skogsterreng.

Er du tent på meir?

Om du er lysten på ein lengre tur, er det veldig fint å halde fram vidare oppover langs elva. Det er svært idyllisk i skogen her, med irrgrøn mosebotn og elva som ein vakker kulisse på di høgre hand. Det går nokre tråkk eller stigar som kan vise veg. Men det er inga merking. Du må halde orden på retninga sjølv. Om du bare sørger for å ha elva i syne, skal det vere umogeleg å gå feil!

Turen held fram under biletet

Idyll langs Nordåna ved Lunnebakken. Foto: Geir Daasvatn

Sist eg gjekk oppover her kom eg fram til Lunnebakken. Her er det lange steingjerde og tydeleg at det har vore dyrka mark. Det er bru over til Tveit-sida. Om du ikkje vil ta same vegen tilbake, kan du gå over brua og følge Gautestadvegen nedover til utgangspunktet ved Oddebekken bru.

God tur!

Kart over området

Du vil kanskje også lese

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Futevegen Oddestemmen – Tveit"