Fiskeløys 5. oktober 2016. Foto: Geir Daasvatn

Skogsbilvegen Heistad – Fiskeløys

Frå Heistad i Bygland kan du køyre, eller like gjerne sykle, rundt fem km på fin skogsbilveg innover i nydeleg heieterreng til vatnet Fiskeløys.

Eg har bare vore innover vegen her ein einaste gong, for rundt sju år sidan. Så skildringa av turen kan ikke bli så veldig detaljert. Til det er hugsen alt for dårleg. Men dette er uansett slik ein nydeleg heietur, at du må oppleve han sjølv!

Vegen tek til heilt nord på Heistad, frå den same vegen som leiar inn til Hovatn kraftverk. Derfrå går det ganske bratt oppover lia, forbi den mektige Heisfossen til Heisvatn.

Ved Heisvatn ligg Heisvasstøl, som er vel verd ein stans. Litt lenger innover vegen kjem du forbi Skulefossen i Nyestøylåni. Det er også ein spennande stad for ein kikk.

Stykket held fram under biletet

Skulefossen ein vakker oktoberdag i 2016. Foto: Geir Daasvatn

Etter å ha sett litt på fossen, kjem du vidare forbi Kottjørn og Nyestøyltjørni. Då er du også nær på framme ved Fiskeløys.

Fiskeløys ligg 702 moh. Vatnet er regulert. Det er inntak til Hovatn kraftverk ved vatnet. Der er det også snuplass og høveleg plass til å sette ned bilen før du ser deg nærare rundt. Det går veg vidare austover til Sandvatn, men dette siste stykket er stengd med kjetting frå snuplassen.

Ein annan avstikkar held fram i meir nordleg retning, til Rotedalstjønni. Denne avstikkaren er open, så du kan kome opp med bil. Det er snuplass ved tjønna. Idyllisk stad!

Stykket held fram under biletet

Ved Rotedalstjønni 5. oktober 2016. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du hit

Du køyrer til Heistad, på austsida (nordsida) av Otra, nord i Bygland. Kjem du sørfra, kan du ta inn mot Åraksbø ved Storstraumen og få med deg mykje spennande på turen nordover forbi Sandnes, Åraksbø og Austad. Kjem du nordfrå, kan du ta over på austsida av Otra på Straume i Hylestad, sør på Helle (over Tjurremodammen) eller over Ose bru. Nord på Heistad står det skilt inn til Hovatn kraftverk. Du skal ikkje inn til det, men ta til venstre oppover den lange bakken mot Heisfossen.

Ved starten av skogsbilvegen er det betalingskasse. Ein tur med personbil kostar 50 kroner. Du betalar kontant.

Så er det bare å legge i veg. Men hugs å bruke god tid på turen, for her er det mykje spennande og ikkje minst vakkert å sjå!

Kart over området

Kjelder

Rett i nærleiken

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Skogsbilvegen Heistad – Fiskeløys"