Evje og Hornnes Frivilligsentral feira 25-årsjubileum på Evjemoen Kino & Scene torsdag kveld 26. september.
Trubadurane Oddvar og Øyvind Omnes – far og son – song i gang festen med Kris Kristoffersen sin udødelege «Me and Bobby McGee». Elin Solheim, ny styreleiar i Frivilligsentralen frå 2024, ønska alle hjarteleg velkomen. Kinosalen var pent sett i stand, med bord og stolar på golvet foran scenen. Det var levande lys på borda, blomar på scenekanten og ei lun og god stemning.
Ordføraren helsa frå kommunen
Ordførar Morten Haraldstad helsa til jubilanten frå Evje og Hornnes kommune. Dei gode orda varma forsamlinga. Det var så fin ei helsing, at eg vil kome tilbake med heile talen i eit eige innlegg litt seinare. Men eg vil ta med eit viktig poeng som Morten understreka sterkt, og som er verkeleg sanne ord:
Uten frivillig innsats ville velferdsstaten Norge ha kollapset – så at dette er viktig er det ingen tvil om.
Verdas beste jobb!
Anne-Marie Birkeland, dagleg leiar i Frivilligsentralen, meinte ho hadde verdas finaste jobb! Ho fortalde levande om korleis Frivilligsentralen hadde ein litt kronglete start for 25 år sidan. Men etter det gjekk det bare beint oppover. Vigdis Nilsen var den første daglege leiaren. Ho blei avløyst av Alf Pettersen. Anne-Marie, leiar nå, tok over for rundt seks år sidan.
Anne-Marie gav oss ein grundig presentasjon av kva slags tiltak og opplegg Frivilligsentralen står bak i dag. Det er ei voldsomt lang liste, som eg ikkje kan ta opp att her. Men eksempel kan vere matutkøyring seks dagar i veka til eldre heimebuande, språkkafé og strikkekafé. Siste tilskotet til mange varierte tilbod er den splitter nye minibussen, som endå ikkje har fått sitt eige namn. Det blei mogeleg å endeleg få tak i bussen då Evje og Hornnes Sparebank støtta innkøpet med heile 500.000 kroner. I tillegg har butikkane og næringslivet i Evje og Hornnes og mange einskildpersonar ytt eineståande støtte gjennom gåver, kjøp av lodd og på andre vis.
Den for kvelden, ja alltid, så entusiastiske Anne-Marie avslutta presentasjonen på fyndig vis:
Eg gleder meg til kvar dag på jobb!
Obert fekk oss på låtten!
Obert Bjærum, ein trufast slitar i arbeidet til Frivilligsentralen gennom mange år, fekk verkeleg sving på stemninga. Han fortalde gode historiar om ulike ekstreme vêrhendingar han hadde opplevd gjennom livet, om ungdomstida i Hægebostad og ikkje minst om då han møtte Bjørgulv Myhola på Skomedal ein tidleg morgon. «Det er ikkje mange att av oss gamle», sa Bjørgulv. «Nokon er gått bort, nokon er reist til Amerika og mange er dratt til HUNSFOSS!»
Etter Obert sitt svært så humoristiske innslag var me lystne på kaffi og kake. Det fekk me då også i fullt mon, så mykje me måtte ønske oss. Både kaffi, mineralvatn, bløtkake og kringle var på menyen.
Konsert med radarparet Oddvar og Øyvind
Etter den gode matøkta kom det som må seiast å vere høgdepunktet; ein eigen konsert med far og son Omnes. Dei utgjer verkeleg eit «radarpar» i hop. Øyvind imponerte med gitarspel av høg klasse, og Oddvar krydra konserten med artige historiar og gode skrøner. Det var veldig stemnigsfullt då dei song to-stemt. Me fekk høyre låtar av Johnny Cash, Hellbilis, Kris Kristoffersen og Lillebjørn Nilsen.
Takk!
Konserten skapte ei fin avrunding av den gilde kvelden. Anne-Marie ønska alle vel heim. Eg, og sikkert mange fleire, vandra ut i den mørke septemberkvelden med ei stor takksemd for det arbeidet både tilsette og frivillige har gjort og gjer for heimbygda vår gjennom Frivilligsentralen.
Gratulerer med 25-årsjubileet, og takk for alt det gode arbeidet så langt. Måtte (minst) 25 nye år følge i det same, givande sporet!
Evje og Hornnes Frivilligsentral er organisert som ein stiftelse med fem deleigarar: Evje og Hornnes Røde Kors, Evje og Hornnes Sanitetsforening, Evje og Hornnes Pensjonistforening, Evje og Hornnes Bygdekvinnelag og Evje og Hornnes kommune. Øvste organ er eit styre med seks medlemer. Styreleiar frå 2024 er Elin Solheim. Dagleg leiar er Anne-Marie Birkeland. Hovudkvarteret er i lokala over det gamle apoteket i Sentrumsbygget på Evje.