Gjengen som skal ha det øvste ansvaret for gjennomføringa av Landsskyttarstemnet 2030 møttest på Evjemoen 17. september 2026. Foto:
Gjengen som skal ha det øvste ansvaret for gjennomføringa av Landsskyttarstemnet 2030 møttest på Evjemoen 17. september 2026. Leiar i hovudkomiteen, Terje Bronebakk, står heilt bak til høgre. Foto: Geir Daasvatn

Førebuingane til Landsskyttarstemnet 2030 i gang!

Landskyttarstemnet skal vere på Evje sommaren 2030. Torsdag 17. september 2026 møttest dei som skal ha det øvste ansvaret for stemnet på Skyttarhuset på Evjemoen til det aller første planleggingsmøtet. Førebuingane er i gang!

Evje og Hornnes Skytterlag, Vennesla Skytterlag og Greipstad Skytterlag er tildelt dette enorme arrangementet – eitt av dei største i Noreg – av Skyttartinget i april 2026. Skyttartinget er Det frivillige Skyttervesen sin høgaste myndigheit. Tidlegare har det vore Landsskyttarstemne på Evje i 1999, 2009 og 2019. Det er såleis rutinerte stemnearrangørar som har teke på seg den store oppgåva. Men det er lang tid mellom 2019 og 2030. Mykje endrar seg og det går fort i samfunnet i dag. Arrangørane kan såleis ikkje berre «kvile på laubera», men må tilpasse seg og Landsskyttarstemnet i 2030 til utviklinga.

Mange nøkkelverv er fylt opp

Det er mest fire år til stemnet. Men mange av nøkkelkomiteane og -stillingane er alt fylt opp med svært kompetene folk. Noko er sjølvsagt ikkje avklart så tidleg i prosessen. Men heilt klart er det at Terje Bronebakk frå Vennesla Skytterlag har det øvste ansvaret for gjennomføringa. Han er leiar av hovudkomiteen. Fleire andre nøkkelverv er også på plass. Men Terje understreka på møtet at dette må vere eit lagarbeid der alle er med og dreg lasset saman.

Stykket held fram under biletet

Tre unge gutar som løyser oppgåva saman på Landsskytterstevnet i 2009. Foto.
Å arrangere eit Landsskyttarstemne krev mykje og er eit utprega lagspel. Det klarte ungdomane å få til på Evjemoen i 2009 og det klarar heilt sikkert arrangørane i 2030 også. Foto: Geir Daasvatn

Når heile «organisasjonskartet» er fylt opp kan eg kome tilbake med meir om det. Eg håpar å kunne følge dei spennande førebuingane ganske regelmessig framover. Det er litt av eit arbeid som ligg føre både dei som skal organisere stemnet og ikkje minst alle dei som skal utføre jobben ute i «felten».

Otra IL stiller opp igjen!

Eg forstod det slik på møtet at Otra IL igjen vil ta på seg serveringa av mat under stemnet. Det er ei av dei store oppgåvene som krev mange villige dugnadsfolk. Det er litt av ein ressurs å ha eit slikt stort idrettslag i bygda som kan stille med så mange innsatsvillige og flinke dugnadsfolk som her trengs.

Imenes Skytterlag

Imenes Skytterlag har vore med og arrangert Landsskyttarstemnet på Evje tidlegare. Denne gong er dei ikkje medarrangør. Dei har i staden teke på seg ansvaret for den store skyttarcampen.

Før skjema!

Det var ein svært optimistisk gjeng som møttest til denne første samlinga. «Me er to år før tidsskjemaet i handboka for Landsskyttarstemnet», meinte nokon med eit smil. Det er eit fantastisk utgangspunkt for å gjere Landsskyttarstemnet 2030 til eit flott arrangement som det kan gå gjetord om lenge. For skyttarlaga, Evje og Hornnes kommune og heile Setesdal, ja heile indre Agder vil eg tru, er eit slikt stort arrangement ei veldig «vitamininnsprøyting».

Takk til skyttarlaga og medlemmene deiras som har teke på seg det store ansvaret med å få stemnet til og lykke til med arbeidet i åra som kjem!

Del "Førebuingane til Landsskyttarstemnet 2030 i gang!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.