Vigdis Beisland og Nina Bygland er to av tre primus motorar i Bygland Husflidslag, som arrangerer jolemarknaden på Ose grendehus kvar jul. Den tredje, Gro Tove Frafjord Sandnes, hadde gyldig forfall til fotosession denne gong. Ho er leiar i laget, medan Vigdis er sekretær og Nina kasserar. Etter det jentene fortel, skjønar eg at det er ein temmeleg flat organisasjonsstruktur, med kort veg frå idé til noko blir bestemt – og gjennomført! Foto: Geir Daasvatn

Koseleg jolemarknad på Ose!

Det var ein veldig triveleg jolemarknad på Ose grendehus laurdag. Det var fullt av folk, spennande utstillingar og god graut!

Facebooksida til Bygland Husflidslag

Eg telte ikkje opp kor mange utstillarar som var med. Men det var temmeleg fullt rundt veggane. I midten av den store salen sat folk og koste seg med god mat og ei triveleg røe med sambygdingar og andre kjenningar. Vigdis og Nina var samstemde då dei oppsummerte dagen:

Me er veldig godt nøgde! Det var passeleg varmt i lokalet, og det tyder på mykje folk innom. Då snøen byrja å dale ned, og etter kvart la seg som eit fint kvitt teppe over Ose, blei dagen heilt perfekt!

Vigdis Nilsen frå Evje var hjarteleg på plass med Oriflame-produkt, som ho er forhandlar for. Ho fortalde at ho sel mest frå heimen. I tillegg er ho litt rundt på mindre messer og marknader, som denne her på Ose. Vigdis blei med i Oriflame alt på 1970-talet. Men ho slutta ganske raskt, og tok ein laaang pause. For eit par år sidan tok ho opp salet igjen. Mange, i alle høve eg som er frå Evje & Hornnes sjølv, hugsar kanskje Vigdis best som leiar av Frivilligsentralen i Evje og Hornnes.

Iryna frå Ukraina

Iryna Zhdaniuk frå Ukraina stilte opp med ulike typar makronar, pynta på utruleg vakkert vis. At varene var nydelege kunstverk er kanskje til å forstå, når ho fortel at ho er konditor av fag. Iryna bur på Evje saman med mannen og familien. Om du vil sjå meir til kunstverka hennar, kan du følge ho på Instagram: dessert.v.ira.
Sigrid Greibrokk er jenta med alle solbærbuskane i Hovstadvegen i Grendi. Her står ho saman med Såvi Dale Greibrokk, som ho er tante til. Solveig marknadsfører produksjonen sin under namnet «Solbær frå Setesdal». Det er visst rundt 250 solbærbuskar ho steller med! Mykje av bæra går til sjølvplukk. Men ho sel også knallgod, heimelaga solbærsaft. I tillegg har ho nokre ripsbuskar. Dei bæra lagar ho rispgele av. I det daglege er Sigrid leiar i barnehagen på Bygland. Bærverksemda er noko ho driv med på si, seier ho, for moro skuld.
«Alle» kjenner Thora Bakke Nordgarden og Bjarne Nordgarden frå Åraksbø. Så dei treng ikkje nokon nærara presentasjon. Dei er begge pensjonistar no. Bjarne er trekunstnar og driv stort med å dreie tre til dei flottaste kunstverk. Thora kjem med masse gode idear, og er ein god støttespelar på alle vis. Eg er ikkje så veldig godt kjend med folk i Setesdal. Men det er ei stor glede kvar gong eg er så heldig å få helse på desse heidersmenneska.

Grautsjefen

Det er knappast nokon i heile dalen som handterer grautsleiva som Ulf Haugaa! Det var ikkje få liter med risgraut han fekk delt ut på dei fire timane marknaden på Ose heldt på. Eg forstod det slik at styret i Bygland Husflidslag hadde eit lynraskt møte på føremiddagen, og valde Ulf inn i styret utan noko meir om og men. Han var i alle høve strålande nøgd med dagen, og forsikra at han var klar til å vere grautsjef i mange år frametter!
Del "Koseleg jolemarknad på Ose!"