Ordførar Morten Haraldstad hlsar til FRivilligsentralen under jubileumsfesten 26. september 2024. Foto.
Ordførar Morten Haraldstad hlsar til FRivilligsentralen under jubileumsfesten 26. september 2024. Foto: Geir Daasvatn

Ordføraren si helsing til Frivilligsentralen

Ordførar Morten Haraldstad helsa frå Evje og Hornnes kommune og overrekte blomar, då Evje og Hornnes Frivilligsentral feira 25-årsjubileet sitt på Evjemoen Kino 26. september. Her er den fine helsinga slik at også du som ikke var på festen kan lese.

«Først vil eg begynne med å gratulere så mykje med jubileet. Eit kvart århundre med frivillighet har de lagt bak dykk i denne kommunen. Eg tenker det fortener ein skikkeleg applaus!

I dag skal me markere 25-årsjubileet med ein fest og eg er stolt over å bli invitert og er veldig glad for å kunne delta på arrangementet.

Stifting

Evje og Hornnes Frivilligsentral er ei stifting som er eigd av fire lag og foreiningar i tillegg til Evje og Hornnes kommune. Det er Evje og Hornnes Røde Kors, Evje og Hornnes Pensjonistforening, Evje og Hornnes Sanitetsforening og Evje og Hornnes Bygdekvinnelag. Stiftinga blei oppretta 8. august 1999 med eit mål om å nå alle grupper i samfunnet og jobbe aktivt for å nå alle som har behov for hjelp – eller som ønsker å hjelpe. Alt er basert på frivillig innsats. Utan frivillig innsats ville velferdsstaten Norge ha kollapsa – så at dette er viktig er det ingen tvil om.

«Møte mellom menneske»

Mottoet er «Møte mellom menneske». Og det å skape møteplassar og kontaktpunkt blir viktigare og viktigare etter som samfunnet dessverre for fleire og fleire opplevast som både ekskluderande og kaldare. Dei siste åra har det vore spesielt fokus på utanforskap i samfunnet. Gruppa menneske som er i utanforskap blir dessverre større. Me er ikkje skåna for denne utviklinga i vår kommune heller. Så det arbeidet som gjerast i Frivilligsentralen blir bare meir og meir viktig framover.

Ta ein kikk på nettsida!

Frivilligsentralen har ei enkel, oversiktleg og veldig flott nettside der ein kan melde inn både behov for hjelp, melde seg på aktivitetar og ikkje minst ein svært enkel måte å melde inn dersom ein kan bidra med noko! Nå er det ikkje alle som er like glade i digitale plattformar, internett, smarttelefonar og alt anna som blir drive av elektronar. Då kan ein delta på drop-in datakafé på Frivilligsentralen der ein kan frå hjelp til det meste frå nettbank til digipost, bestille billettar, lese nyhende mm. Dette er eitt av tilboda til Frivilligsentralen.

Ein kan som sagt sjå alle aktivitetane på heimesida, og det er ikkje få! Det er ikkje tid til å nemne alle. Men eg anbefaler alle å gå inn på heimesida til Frivilligsentralen å sjå. I same slengen bør alle inn å sjå på foreiningsportalen der det er både kontaktinformasjon og kalender med kva som skjer.

Frivillig innsats gjev meining med livet!

Alle har noko å gje og alle treng av og til ei hjelpande hand. Det er eg overbevist om. Frivilligsentralen brenn for at menneske møtast og kan berike kvarandre. Frivillighet er ein grunnpilar i det norske samfunnet. Og det å bidra for andre gjennom frivillig innsats skaper meining med livet!

Igjen – gratulerer med jubileet!

Takk for meg.

Morten Haraldstad»

Du vil kanskje også lese: Gild jubileumsfest for Frivilligsentralen

Merknad: Overskriftene og lenkene er lagt til i ettertid for å tilpasse talen til publisering på nett.

Leiar Anne-Marie Birkeland i Frivilligsentralen fekk både gode ord, blomar og ein klem av ordføraren! Foto: Geir Daasvatn
Del "Ordføraren si helsing til Frivilligsentralen"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.