Ordførar Morten Haraldstad helsa frå kommunen, då Evje og Hornnes Sanitetsforening feira 125-årsdagen på Dølen Hotel på Evje laurdag.
Her er heile den fine helsinga til Morten:
Kjære alle i Evje og Hornnes Sanitetsforening!
Gratulerer med dagen og tusen takk for invitasjonen og for å få moglegheita til å seie nokre ord på denne dagen som feirar dykkar innsats og engasjement. Det er ikkje kvardagskost å feire eit slikt jubileum! De har vore eit hjarte i lokalsamfunnet i mange år, og det er med stor respekt og takknemlegheit vi ser tilbake på den viktige rolla de har spelt gjennom tidene.
Les også: Evje og Hornnes Sanitetsforening fekk Frivillighetsprisen i Evje og Hornnes for 2022
Står sterkt i bygda
Sanitetsforeninga har alltid stått sterkt i lokalsamfunnet her i Evje og Hornnes. Gjennom generasjonar har de jobba for å fremme helse, tryggheit og trivsel for alle – med ein særleg omsorg for kvinner og barn. Frå å sette fokus på kvinnehelse til å støtte opp om sårbare grupper, har de vore ein viktig ressurs for heile kommunen.
Samarbeidsånd
Samarbeidet med kommunen og andre lag og foreiningar har vore avgjerande for at de kan nå ut til endå fleire. Anten det har handla om folkehelseprosjekt, frivillige tiltak, eller initiativ som bidreg til eit varmare samfunn, har dykkar innsats og samarbeidsånd vore heilt uunnværleg. De viser kor sterkt vi står når vi løfter i fellesskap, og de inspirerer andre til å engasjere seg for det felles gode.
Fyrste sanitetslaget i ei bygd i Agder
Som historikar har eg sjølvsagt lese meg opp litt i forkant. Det er imponerande arbeid som ligg bak dei 125 åra med historie. Etter stiftinga i 1899 var dette det fyrste sanitetslaget som blei starta i ei bygd på Agder. Av ulike grunnar kan ein lese om fleire ulike namn og ulike organiseringar. Meininga med skipinga var å skaffe billeg og god sjukehjelp for dei som trong det. Det var lang veg til doktoren og trygdekasser fantest ikkje. Ein var i byrjinga ei viktig hjelp inn mot tuberkulosesjuke. Fleire sjukesøstre kom til og kommunen løyvde for fyrste gong tilskot til helsearbeidet i 1920. Sanitetsforeninga søkte då om 1000 kroner til ei stilling og fekk 500.
De var tidleg ute med å satse på førebygging. I dag er dette sjølvsagt, og mantraet i alt som har med helse å gjere. I tillegg har de vore ei stor hjelp for mange med varme klede og mat, førstehjelpskurs og utstyr, barselpleie, pleie av sjuke med lungebetennelse, difteri, spanskesjuka og tuberkulose. Folkebad, husmorvikar og vaksinering. Etter den nye sjukehuslova frå 1972 endra arbeidet seg då sjukerøkta blei lagt inn under det offentlege.
Stor innsats under pandemien
Eit eksempel på samarbeidet med det offentlege er innsatsen dykkar under pandemien, der de bidrog med både tid, ressursar og omsorg for å hjelpe innbyggjarane våre gjennom ei vanskeleg tid. Her blei de ei trygg hand og eit symbol på medmenneskelegheit. Arbeidet dykkar blei lagt merke til og sett stor pris på, både blant befolkninga og hos oss i kommunen.
Sanitetsforeninga er ei forening med stolte tradisjonar. Men de er også ein moderne organisasjon som evner å tilpasse dykk til tida sitt behov. De ser kva som trengs, anten det er for å skape aktivitetar for dei unge, besøke eldre på sjukeheimen, eller arrangere innsamlingsaksjonar som styrkar lokalsamfunnet vårt. Det de gjer, gjer ein forskjel – og det merkast i kvardagen.
Vi heier på dykk!
Med heile kommunen i ryggen, heier vi på dykk og alt de får til. Lat oss fortsette å stå saman, styrke samarbeidet og jobbe for eit inkluderande og trygt lokalsamfunn for alle våre som bur her. Vi ser fram til mange fleire år med godt samarbeid og mange meiningsfulle prosjekt, til glede og nytte for heile lokalsamfunnet.
Gratulerer med dagen, og takk for alt de gjer!
Morten Haraldstad