Historieforteljaren Reidar Tveito er ute med del 4 i Byglandsfjords historie. Her freistar han å få fram dei daglege mindre hendingane som syner liv og røre i bygda i åra 1911–1916.
Det klarar han veldig godt! Han hentar mykje av stoffet frå Fædrelandsvennen, Setesdølen og Agderposten. Så nyttar han rikeleg med bilete, eigne og andre sine, for å gjere lesinga intressant og spennande for oss lesarar.
Eg vil ikkje gå for djupt inn i innhaldet her. Du kan heller sjå føre deg ei lang rekke med små historiar, ordna kronologisk. Stykka er tufta på avisutklipp frå ettervinteren 1911 til vinteren 1916, men attfortalt på den lune måten som kjenneteiknar skrivestilen til Reidar. Gjengangarar er slike tema som «Setesdalsbanen», «dampbåttrafikken» og «slusene i Storstraumen». Frå midten av 1890-åra, etter at Setesdalsbanen kom fram til Byglandsfjord, var staden eit knutepunkt for samferdsla i Setesdal. Det er mest utruleg så mykje spennande som skjedde i den bygda for meir enn 100 år sidan!
I eit lite innlegg då Byglandsfjord 3 kom ut, skreiv eg:
– Reidar er ein utruleg produktiv og flink bokskrivar, og fotograf gjennom heile livet. Med forfattarskapet sitt lagar han ei unik «minnebok» for den kjære heimstaden sin Byglandsfjord.
Orda står ved lag, og vel så det, nå som historia er ført endå eit lite steg framover mot vår eiga tid. Eg håpar Reidar alt er i gang med «Byglandsfjord 5», slik at eg og mange fleire kan følge den interessante historia vidare.
Du får kjøpt heftet mellom anna på Norli Evje og Coop Byglandsfjord. Prisen er bare 250 kr for denne storarta lesaropplevinga.